EHF-meisterligaen i handball 2022/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meisterligaen i handball 2022 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til 11. september 2021. Turneringa med 16 deltakande lag opna med seriespel i to grupper à 8 lag. Dei to beste laga i dei to gruppene skulle gå rett til kvartfinalane, laga på plassane 3-6 møttest til cupspel om plass i kvartfinalane. Etter Russland gjekk til krig og invaderte Ukraina, vart GK Rostov (som var kvalifisert til kvartfinale) og CSKA Moskva stengt ute frå turneringa. Laga som vann kvartfinalane møttest til sluttspel i Budapest 4. og 5. juni.

IK Våg/Vipers frå Kristiansand vann turneringa gjennom finalesiger 33–31 over ungarske Győri ETO. Dermed forsvarte det norske laget sigeren frå 2021. I semifinalen vann Våg/Vipers 33–27 over franske Metz BH. Tidlegare slo Vipers ut slovenske RK Krim med 65 mot 49 i kvartfinalane. Det var tredje gongen eit norsk lag vann EHF-meisterligaen.

Sluttspelet[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

IK Våg/Vipers – Győri ETO 33 – 31

Györi ETO var det førande laget det fyrste kvarteret og leia 10–7. Over ein ni minutts periode skåra så Våg/Vipers seks mål utan Győr skåra eitt einaste. Ved pause leia det norske laget 15–13. I den andre omgangen utlikna Győr til 16–16, før Våg/Vipers drog ifrå til 21–17. Sidan låg Våg/Vipers jamt 2-3 mål over Győr i målprotokollen og kunne til sist kontrollere inn til siger med 33 mål mot 31. Markéta Jeřábková vart toppskårar i kampen med sine 7 fulltreffarar, elles skåra Isabelle Gulldén 6, Jana Knedlíková 5, Nora Mørk 4, Sunniva Andersen, Lysa Tchaptchet, Ana Debelić (alle) 3 mål, medan Zsuzsanna Tomori fann vegen til nettmauskane 2 gongar. Ragnhild Dahl og Marta Tomac kom ikkje på skåringslista, Silje Waade, Hanna Yttereng og Tuva Høve var benkeslitarar. Katrine Lunde, Andrea Austmo Pedersen og Evelina Eriksson var målvakter.

Anne Mette Hansen var toppskårar for Győri ETO, som elles hadde norske Veronica Kristiansen, Stine Oftedal og Silje Solberg med i sitt mannskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]