EMS VCS 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
VCS3

VCS 3 (Voltage Controlled Studio with 3 oscillators) er ein berbar analog synthesiser med ein fleksibel delvis modulstemme-oppbygging

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart skapt i 1969 av Peter Zinovieff sitt EMS-selskap. Elektronikken vart stort sett designa av David Cockerell og sjølve utforminga av maskinen av den elektroniske komponisten Tristram Cary. VCS 3 var meir eller mindre den første berbare kommersielt tilgjengelege synthesizeren sidan han kom i ein liten trekasse. I Storbritannia var det mogeleg å få kjøpt ein slik for like under £1000. Instrumentet var vanskeleg å stemme og var ustabilt, men var kjend som ein ekstremt kraftig generator av elektroniske effektar og prosessorar av ytre lydar.

VCS 3 var særleg populær hos progressive rockeband og vart bytta på innspelingar av The Alan Parsons Project, Jean Michel Jarre, Hawkwind, Brian Eno (med Roxy Music), King Crimson, The Who, Gong og Pink Floyd, mellom andre. Kjende songar der instrumentet er nytta er The Who-songen «Won't Get Fooled Again» frå Who's Next og Pink Floyd sin «On the Run» frå The Dark Side of the Moon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]