EM i fotball 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i fotball 1960 var den aller fyrste europameisterskapen i sitt slag. Meisterskapen vart avvikla i Frankrike med fire deltakarland i tida 6. til 10. juli 1960. Omframt vertsnasjonen Frankrike hadde Jugoslavia, Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia kvalifisert seg gjennom to (Tsjekkoslovakia tre) rundar med cupspel i tida september 1958 til mai 1960.

I semifinalane vann Sovjetunionen med 3-0 mot Tsjekkoslovakia i Marseille, medan Frankrike tapte 4-5 mot Jugoslavia på Parc des Princes i Paris. Færre enn 10 000 tilskodarar såg Frankrike tape også bronsekampen, han enda med 3-0-siger til Tsjekkoslovakia.

Lagoppstillingane i finalen - Sovjetunionen i raudt

Finalen på Parc des Princes vart sett av 17 966 tilskodarar. Jugoslavia-spissen Milan Galić gav laget sitt leiinga like før pause. Fire minuttar ut i andre omgang utlikna Slava Metreveli. Uavgjortstillinga heldt seg så til midtvegs i andre ekstraomgang, då avgjorde midtspissen Viktor Ponedelnik kampen til Sovjetunionen sin fordel.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen: Lev Jasjin, Givi Tsjokheli, Anatolij Masljonkin, Anatolij Krutikov, Jurij Vojnov, Igor Netto, Slava Metreveli, Valentin K. Ivanov, Viktor Ponedelnik, Valentin Bubukin og Micheil Meschi.

Jugoslavia: Blagoje Vidinić, Vladimir Durković, Fahrudin Jusufi, Ante Žanetić, Jovan Miladinović, Željko Perušić, Željko Matuš, Dražan Jerković, Milan Galić, Dragoslav Šekularac og Bora Kostić.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]