EM i fotball 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarlanda i fotball-EM 1964
Lagoppstillingane i EM-finalen 1964 - Spania i blått

Europameisterskapen i fotball 1964 var den tredje europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Spania med fire deltakarland i tida 17. til 21. juni 1964. Omframt vertsnasjonen Spania hadde Danmark, Sovjetunionen og Ungarn kvalifisert seg gjennom tre rundar med utslagspel, cupkampar heime og borte, i tida hausten 1962-våren 1964.

Regjerande meister Sovjetunionen vann 3-0 over Danmark i semifinalen på Camp Nou i Barcelona, medan vertslandet Spania trengde ekstraomgangar for å sikre seg finaleplass mot Ungarn i Madrid, sluttresultat 2-1. Ungarn vann så bronsemedaljen etter å ha vunne med 3-1 etter ekstraomgangar mot det danske laget.

Finalen mellom Spania og Sovjetunionen framfor 79 115 tilskodarar på Santiago Bernabéu i Madrid enda med siger 2-1 til vertslandet. Jesús María Pereda gav Spania leiinga i det 6. minutt og Galimzjan Khusajnov utlikna allereie to minuttar seinare. Sigersmålet til Spania kom i det 84. minutt og vart sett inn av Marcelino Martínez. Englendaren Arthur Holland var dommar.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Spania: José Ángel Iribar, Feliciano Rivilla, Ferran Olivella, Isacio Calleja, Ignacio Zoco, Josep Fusté, Amancio, Jesús María Pereda, Marcelino Martínez, Luis Suárez og Carlos Lapetra.

Sovjetunionen: Lev Jasjin, Viktor Sjustikov, Albert Sjesternjov, Eduard Mudrik, Viktor Anitsjkin, Valerij Voronin, Aleksej Kornejev, Igor Tsjislenko, Viktor Ponedelnik, Valentin K. Ivanov og Galimzjan Khusajnov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]