EM i fotball 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i fotball 1972 var den fjerde europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Belgia med fire deltakarland i tida 14. til 18. juni 1972. Omframt vertsnasjonen Belgia hadde Sovjetunionen, Ungarn og Vest-Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet gjennom gruppekampar og kvartfinalar i tida hausten 1970-våren 1972.

Vest-Tyskland vann 2-1 over Belgia i den fyrste semifinalen, Gerd Müller skåra begge dei vesttyske måla. I den andre semifinalen sigra Sovjetunionen 1-0 over England etter eit mål av Anatolij Konkov. Sidan vann vertsnasjonen bronsemedalje i meisterskapen med 2-1 over Ungarn på 'Stade de Sclessin' i Liege etter mål av Raoul Lambert og Paul van Himst.

Lagoppstillingane i EM-finalen 1972

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart spela 18. juni 1972 på Heysel-stadion i Brussel, framfor vel 43 000 tilskodarar. Vest-Tyskland imponerte stort og vann 3-0 over Sovjetunionen, etter to mål av Gerd Müller og eitt av Herbert Wimmer.

For Vest-Tyskland sitt meisterlag spela Sepp Maier, Horst-Dieter Höttges, Georg Schwarzenbeck, Franz Beckenbauer, Paul Breitner, Uli Hoeneß, Herbert Wimmer, Günter Netzer, Jupp Heynckes, Gerd Müller og Erwin Kremers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rothmans Football Yearbook 1972-73