EM i fotball 2000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarlanda i fotball-EM 2000
Finalemannskapa før avspark, Frankrike til venstre

Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland. Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; Charleroi, Liège, Brussel, Brugge, Eindhoven, Arnhem, Rotterdam og Amsterdam. 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.

For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med dårlegare målskilnad enn Jugoslavia.

I kvartfinalane vann Portugal, Italia, Frankrike og Nederland over høvesvis Tyrkia, Romania, Spania og Jugoslavia. Begge semifinalane var jamne; Frankrike gjekk til finale på ein såkalla «golden goal» av Zinédine Zidane i det 117. minutt, medan Italia vann over Nederland i straffesparktevling.

Savo Milošević frå Jugoslavia og Patrick Kluivert frå Nederland skåra kvar sine fem mål.

Lagoppstillingane til finalistane under fotball-EM 2000

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen i Rotterdam 2. juli 2000 vart spelt på Feijenoord stadion i Rotterdam, med 48 200 tilskodarar til stades. Spissen Marco Delvecchio sende Italia i føringa i det 55. minutt, medan den franske innbyttaren Sylvain Wiltord syrgde for ekstratid då han netta i sluttsekundane. Ein annan fransk innbyttar, David Trezeguet, avgjorde finalen med ein «golden goal» i det 103. minutt.

Frankrike sitt meisterlag bestod av: Fabien Barthez, Lilian Thuram, Marcel Desailly, Laurent Blanc, Bixente Lizarazu, Patrick Vieira, Didier Deschamps, Youri Djorkaeff, Zinedine Zidane, Thierry Henry, Christophe Dugarry. Sylvain Wiltord kom inn for Dugarry i det 58. minutt, David Trezeguet for Djorkaeff i det 76. minutt og Robert Pirès for Lizarazu i det 86. minutt.

Italia mønstra: Francesco Toldo, Gianluca Pessotto, Fabio Cannavaro, Alessandro Nesta, Mark Iuliano, Paolo Maldini, Demetrio Albertini, Luigi Di Biagio, Stefano Fiore, Francesco Totti og Marco Delvecchio. I den andre omgangen kom etter tur Alessandro Del Piero, Massimo Ambrosini og Vincenzo Montella inn i staden for høvesvis Fiore, Di Biagio og Delvecchio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]