EOS-utvalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent kontrollorgan underlagt Stortinget. Rapporteringa til Stortinget skjer i form av årsmeldingar.

Utvalet vart etablert i 1996 etter avsløringane gjorde av den såkalla Lund-kommisjonen og debatten etterpå. Stortinget konkluderte med at Politiets tryggingsteneste hadde drive med ulovleg overvaking av organisasjonar og individer på venstresida i norsk politikk, særleg på 60- og 70-talet.[1]

EOS-utvalet fører tilsyn med Etterretningstenesta (ETJ), Forsvarets tryggingsavdeling (FSA), Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonal tryggingsmynde, i daglegtale ofte kalla «EOS-tenestene» eller Dei løynlege tenestane.
I 2009 hadde utvalet 7 medlemmer, og vart leia av Helga Hernes.

I 2018 hadde utvalet sju medlemmar, og vert leia av Eldbjørg Løwer. Medlemmane er Svein Grønnern, Eldfrid Øfsti Øvstedal, Øyvind Vaksdal, Håkon Haugli, Theo Koritzinsky og Inger Marie Sunde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. EOS Committee. «History». http://www.eos-utvalget.no/hXGXCTgZfOXk.35.idium. Henta 14. oktober 2009. 
  2. Medlemmer Arkivert ved WebCite. Henta 1. august 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]