ESO 148-2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av ESO 148-2. Kjernane til dei to tidlegare galaksane ligg omtrent midt i biletet, og er omgjevne av varmt støv og inneheled eit høgt tal av stjerner. Ugleforma kjem her tydeleg fram i form av dei to tidevasshalane.

ESO 148-2, ESO 148-IG002 eller AM 2312-591 er eit par av kolliderande galaksar som ligg rundt 600 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Tukanen. Galaksane kan likna på ei ugla då dei har to tidevasshalar som krummar seg lik vengjer. Tidevasshalane består av stjerner og gass som har blitt trekte vekk frå dei lett deformerbare galakseskivene. ESO 148-2 er ein av dei mest lyssterke galaksane i det infraraude.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]