ESO 69-6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av ESO 69-6. Ein av tidevasshalane kan tydeleg sjåst oppe til høgre, stikkande ut av den høgre galaksen.

ESO 69-6, ESO 069-IG006 eller AM 1633-682 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 650 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Det sørlege triangelet. Lange tidevasshalar strekkjer seg ut frå dei to galaksane då gass og stjerner blei dratt av og slengt vekk frå dei ytre regionane i galaksane. Slike halar er unike teikn på ein vekselverknad mellom galaksar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]