EU-striden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

EU-striden er striden om Noregs tilknyting til Den europeiske unionen (EEC, Fellesmarkedet, EF, EU), den mest omstridde politiske saka i Noreg etter 1945.

Striden om Noregs tilknyting til EU kan delast i fire fasar; 1961–1962, 1967, 1970–72 og 1991–94, derav dei to siste førte fram til folkerøystingane som endte med eit klårt nei-fleirtal.

På 1960-talet[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste debatten i 1961–62 starta med debatten om Den norske grunnlova skulle endrast slik at Stortinget kunne overføre norsk suverenitet til internasjonale samanslutningar (Tidlegare Grl. § 93, no §115). Våren 1962 vedtok Stortinget med overveldande fleirtal både å endre Grunnlova og å søkje om medlemskap. Men spørsmålet vart uaktuelt etter at Frankrike under Charles de Gaulle nedla veto mot britisk, og dermed norsk, medlemskap. Det same hende på nytt i 1967.

EF-striden 1972[endre | endre wikiteksten]

«Landet er vårt!», plakat frå Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC
Foto: Riksarkivet

I desember 1969 opna Europeisk Forbund (EF) på nytt døra opp for britane, og juni 1970 vedtok Stortinget med 132 mot 17 røyster på nytt å søkje medlemskap i EF. Forhandlingane med EF førte til at det vart splitta tilstand internt i regjeringa Borten, som gjekk av i 1971. Samstundes hardna debatten om EF til, særleg i perioden 1971–72.

Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i Fellesmarkedet vart stifta i 1970 og hadde på det meste over 130 000 medlemmer. Rørsla var ei typisk «grasrot-rørsle», og motstanden mot medlemskap var større dess lenger ein kom unna dei sentrale vedtakssentera.

Av dei politiske partia var det Senterpartiet og Sosialistisk Folkeparti som representerte motstandarane. Tilhengjarsida organiserte seg i Ja til EF-aksjonen i 1972. Høgre var det einaste politiske partiet som stod samla på Ja-sida. Dei andre politiske partia var til dels sterkt splitta, og for Arbeidarpartiet og Venstre fekk denne splittinga varige følgjer.

Leiinga i Arbeidarpartiet og LO stod på tilhengjarsida saman med næringslivet og nesten heile pressa. Blant motstandarane var bønder og fiskarar i allianse med intellektuelle og den radikale delen av arbeidarrørsla.

I januar 1972 fullførte Regjeringa forhandlingane med EF om vilkåra for norsk medlemskap, og 25. september 1972 var det rådgjevande folkerøysting om saka. 53,5 prosent stemte mot medlemskap, 46,5 prosent for.

Regjeringa Bratteli gjekk av, og den nye regjeringa som var leidd av Lars Korvald forhandla om ein handelsavtale med EF, som vart arbeidd ut i 1973. EF-striden kulminerte likevel ikkje før etter stortingsvalet 1973. Det førte til rekordlåg oppslutnad om både Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre, medan Senterpartiet og Sosialistisk Valgforbund fekk utteljing for motstanden sin mot EF.

EU-striden i 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Det valdsame engasjementet i 1972 førte til at det vart vanskeleg å diskutere norsk europapolitikk på eit fritt grunnlag, ein situasjon som heldt seg langt inn i 1980-åra. Frå slutten av 1980-åra blussa Europadebatten opp att. Dei dramatiske storhendingane som førte til oppløysning av austblokka, fall i tid saman med arbeidet til EF med å utvikle alliansen til ein politisk og monetær union. Etter Maastricht-avtalen 1991 låg vegen open for eit tettare samarbeid, og frå 1993 vart EF omdanna til den europeiske unionen (EU).

Noreg deltok aktivt i forhandlingane om EØS-avtalen frå 1989. Etter organisatorisk behandling i Arbeidarpartiet vedtok landsmøtet 1992 å gå inn for å søkje medlemskap i unionen, og regjeringa til Gro Harlem Brundtland søkte hausten 1992 om medlemskap og starta forhandlingar saman med Sverige (som hadde søkt medlemskap 1991), Finland (1992) og Austerrike (1989).

Forhandlingane vart avslutta mars 1994, og ved folkerøystinga 28. november 1994 vart det 52,2 % nei-stemmer. På førehand hadde då folkerøystingane i dei andre tre søkjarlanda gjeve ja-fleirtal: Austerrike 12. juni (66,4 %), Finland 16. oktober (56,9 %) og Sverige 13. november (52,2 %).

Frontane i den norske EU-striden var stort sett som i 1972: Senterpartiet var det leiande nei-partiet og fekk rekordoppslutnad ved vala i 1991 og 1993. Dessutan var Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti nei-parti, men med ja-grupper innanfor partia. Høgre var det einaste reine ja-partiet, medan Arbeidarpartiet og Framstegspartiet var splitta. Elles var det nei-fleirtal i distrikta og mellom offentleg tilsette.

Motstandarane samla seg i organisasjonen Nei til EU, medan tilhengjarane var organisert i Europabevegelsen, ein eigen Ja-aksjon og organisasjonen Fra nei til ja, som bestod av nei-folk frå 1972. Resultatet verka på førehand meir ope enn i 1972, og det avgjerande argumentet mot medlemskap var truleg skepsisen til den auka politiske integreringa i Europa og overføringa av makt til overnasjonale organ, i tillegg til frykta for å miste nasjonal kontroll over fiskeriressursane.

Dessutan hadde Noreg ein vesentleg gunstigare økonomisk situasjon enn dei andre søkjarlanda og dei fleste EU-landa. Etter folkerøystinga vart regjeringa sitjande, og mykje av Noregs forhold til EU-landa vart regulert av EØS-avtalen.

Den største skilnaden på debatten i 1972 og 1994 var avstanden mellom ja- og nei-sida. I 1972 var dei ulike syna uforsonlege og standpunktet vart sett på som eit viktig verdival, medan det i 1994 var meir respekt for begge syna. Illustrerande er situasjonen internt i Arbeidarpartiet, som var avgjerande for resultatet av begge folkerøystingane.

I 1972 vart nei-folka i Arbeidarpartiet sett på som svikarar, og mange av dei forlét då også partiet etterpå. I 1994 tillét Arbeidarpartiet ope fraksjonsverksemd gjennom Sosialdemokrater mot EU, og i LO var det nei-fleirtal. Også i samfunnet elles var frontane mindre tilspissa enn i 1972.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]