EUROSONG 2014 - a MAD show

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

EUROSONG 2014 - a MAD show er den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.

Dimósia Tileórasi annonserte i januar 2014 at dei hadde fått til ei avtale att med den private musikkanalen MAD TV for organisering og produsering av den greske uttakinga til Eurovision Song Contest. MAD TV skulle i tillegg handtere alle relaterte førebuingar knytte til tevlinga.

11. februar 2014 annonserte Dimósia Tileórasi og MAD TV at fire bidrag ville delta i EUROSONG 2014 - a MAD show. Alle dei fire bidraga var signerte til Panik Records eller Platinum Records. Tevlinga fann stad 11. mars 2014 i Acro Music Hall, og vinnaren vart kåra ved hjelp av 50 prosent telefon- og SMS-røyster og 50 prosent juryrøyster.

Finale[endre | endre wikiteksten]

Tevlinga var leia av Déspina Vandí og Jórgos Kapoutzídis.

# Artist Song Språk Låtskrivar Telefon/SMS Jury Totalt Plass
1 Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk Freaky Fortune og Riskykidd
2 Mark Angelo feat. Josephine «Dancing Night» Engelsk Mark Angelo, Thomas Karlsson, Fast Lane, Josephine Wendel og Melína Makrí
3 Krystallia «Petaloúda stin Athína» Gresk Níkos Antýpas og Áris Davarákis
4 Kóstas Martákis «Kanénas den me stamatá» Gresk Ilías Kozás

Kjelder[endre | endre wikiteksten]