E 14

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

E 14, eller Seksjon for spesiell innhenting, var ei norsk etterretningsgruppe etablert i 1995,[1] som opererte åtskild frå EtterretningstenestaLutvann.[2] Gruppa skulle trygge dei norske styrkane som tenestegjorde på Balkan. Seksjonen vart lagt ned i 2005.[3]

Agentane skal ha hatt sivile yrke, enkelte i andre avdelingar i Forsvaret, men der var òg politimenn, lærarar og snikkarar blant dei som vart sende ut på oppdrag. Gruppa hadde som mål å styrke tryggleiken rundt dei norske styrkane som tenestegjorde på Balkan. Etter Balkan vart det òg operert i desse områda: Sudan, Libanon, Syria, Irak og Afghanistan.[4] E-14 var tidlegare nemninga på det norske «Stay Behind»-nettverket, med kodenamn ROC.

Agentar[endre | endre wikiteksten]

Kvar enkelt agent vart nøye vald ut og gjekk gjennom ei rekkje testar før han vart teken ut som agent, eller «operatør», som dei vart kalla internt. Gruppa hadde ei kjerne på 40 personar som gjorde oppdrag, medan rundt 140 personar skal ha utført oppdrag totalt. Av dei 140 skal ti ha vore kvinner.[5] Fleire tilsette i Utanriksdepartementet skal ha tenestegjort i spionnettverket.[6]

Rekruttering[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vere godt fysisk rusta måtte agentane visa at dei hadde psykososiale eigenskapar som gjorde dei i stand til å innhente informasjon og rekruttere kjelder. Det vart sagt at 5-6 kandidatar vart avviste for kvar som vart teken opp i gruppa. Ei av opptaksprøvene var å ta seg frå Oslo til Trondheim på nokre timar med berre 10 kroner disponibelt. Oppgåva kravde kreativitet og eigenskapar som måtte til for å skape tiltru hjå framande menneske. Agentane gjennomførte òg eit to månader langt kurs, der det vart undervist og trent på tolking av kroppsspråk, samtaleteknikk og rapportskriving. Nokre av kandidatane som passerte prøvene takka i etterkant nei til dei mest spesielle oppdraga. Årsakene skal ha vore moralske kvaler med det å vere spion.[7]

Agenter[endre | endre wikiteksten]

Den norske soldaten Trond André Bolle skal ha tenestegjort for spionasjeorganisasjonen. Han skal ha vorte rekruttert frå Marinejegerkommandoen i 1998, og var i ei periode nestkommanderande for avdelinga.[8] Gruppa vart ei tid leia av Ola Kaldager.[7]

Arv[endre | endre wikiteksten]

EOS-leiaren Helga Hernes sa i 2011 at delar av oppdraget til E-14 kan ha vorte vidareført i Etterretningsbataljonen med høgt kvalifiserte soldatar, som er kjent for dagens etterretningsleiing.[4]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Sumaren 2009 var tre eller fire tidlegare E 14-operatører aktivt med i ein aksjon for å hente Khalid Skah og Anne Cecilie Hopstock sine to born ut av Marokko, og tilbake til Norge. Aksjonen var privat, og ikkje et offisielt oppdrag.[9]

I 2000 advarte E 14 Forsvaret mot å sende norske soldater til Meymaneh.[10]

Terminering[endre | endre wikiteksten]

Etter ti års prøvetid vart det klårt at seksjonen ikkje leverte det som var venta av dei, og i 2005 vart E-14 oppløyst.[3] Det vart sagt at avdelinga etter kvart tolka sitt mandat noko breiare enn meininga var.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Bergsaker; Bjørn S. Kristiansen (24. september 2012). «Slik startet E14 - Norges superhemmelige spiongruppe». Dagbladet. 
  2. Nettavisen.no ((4. februar 2011): Hemmelig norsk spiongruppe avslørt Arkivert 2011-02-07 ved Wayback Machine., besøkt 6. februar 2011
  3. 3,0 3,1 3,2 «– Maktkamp årsak til E14-nedleggelse». Aftenposten. 12. februar 2011. 
  4. 4,0 4,1 Aftenposten.no (6. februar): Spioner overrasker ikke
  5. VG.no (5. februar 2011): E 14-spionene hadde sexforbod på jobb, besøkt 6. februar 2011
  6. E-14-agenter hentet hjem Skah-barna[daud lenkje], Nettavisen, publisert 07.02.2011
  7. 7,0 7,1 VG.no (6. februar 2011): E14-spionene rekruttert etter tier-test, besøkt 6. februar 2011
  8. Dagbladet.no (5. februar 2011): Litt av en fyr, 'besøkt 6. februar 2011
  9. VG.no (7. februar 2011): Hentet ut barna i Skah-aksjon - Tidligere E 14-agenter bak dramaet i Marokko, besøkt 7. februar 2011
  10. P4.no (5. februar 2011): E 14 advarte mot Meymaneh, besøkt 6. februar 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]