Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eagles
Eagles.jpg
Eagles (venstre til høgre): Glenn Frey, Don Henley, Joe Walsh og Timothy B. Schmit under Long Road Out of Eden-turneen
Opphav Los Angeles, California, United States
Sjanger Rock
Aktive år 1971–80, 1994 til i dag
Tilknytte artistar
Plateselskap
Nettstad http://www.eaglesband.com/
Medlemmer
Siste medlemmer

The Eagles er eit USA-amerikanske rockeband som vart danna i Los Angeles i 1971 av Glenn Frey, Don Henley, Bernie Leadon og Randy Meisner. Med fem singlar på toppen av singellista i USA, seks Grammy-prisar, fem American Music Award og seks album på toppen av albumlista i USA, var the Eagles ei av dei mest suksessrike musikkgruppene i 1970-åra. Mot slutten av 1900-talet var to av albuma deira, Their Greatest Hits (1971–1975) og Hotel California, rangert blant dei 20 mestseljande albuma i USA i følgje Recording Industry Association of America. Hotel California er rangert på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og bandet vart rangert på 75. plassen på lista til magasinet frå 2004 over dei 100 beste artistane gjennom tidene.[2]

The Eagles er eit av dei mestseljande banda gjennom tidene, med meir enn 150 millionar selde plater[3]—100 million i USA aleine- inkludert 42 millionar eksemplar av Their Greatest Hits (1971–1975) og 32 millionar eksemplar av Hotel California. Their Greatest Hits (1971–1975) vart det mestseljande albumet på 1900-talet i USA.[4] Dei er den femte mestseljande artisten og det mestseljande bandet i amerikansk historie.

The Eagles gav ut debutalbumet sitt i 1972, som gav dei tre singlar på topp 40: «Take It Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Det meste albumet, Desperado (1973), var mindre suksessrikt enn det første, og nådde berre 41. plassen på listene, og ingen av singlane nådde topp 40. Men albumet inneheldt to av dei mest populære songane til bandet: «Desperado» og «Tequila Sunrise». Dei gav ut On the Border i 1974, og gitaristen Don Felder kom då med halvvegs i innspelinga av albumet. Albumet gav dei to hitsinglar: «Already Gone» og den første førsteplassen deira i USA, «Best of My Love».

Det var ikkje før i 1975 med One of These Nights at the Eagles utan tvil vart det største bandet i Amerika. Albumet inneheldt tre hitsinglar: «One of These Nights», «Lyin' Eyes» og «Take It to the Limit», der førstnemnde nådde toppen av singellista. Suksessen heldt fram og dei nådde det kommersielle høgdepunktet seint i 1976 då dei gav ut Hotel California, som selde meir enn 16 millionar eksemplar i USA aleine og meir enn 32 millionar på verdsbasis. Albumet gav dei ytterlegare to hitsinglar med «New Kid in Town» og «Hotel California». Dei gav ut det siste studioalbumet sitt på nesten 28 år i 1979 med The Long Run, med tre hitsinglar: «Heartache Tonight», «The Long Run» og «I Can't Tell You Why».

The Eagles vart oppløyst i juli 1980, men kom attende i 1994 for albumet Hell Freezes Over, som var ei blanding av konsertopptak og nye studioopptak. Dei har turnert i periodar sidan den gong og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. I 2007 gav the Eagles ut Long Road Out of Eden, det første fulle studioalbumet deira på 28 år, og det sjette som nådde toppen av albumlista. Året etter la dei ut på turné for å marknadsføre albumet. I 2013 la dei ut på den lange History of the Eagles Tour i samband med dokumentarfilmen History of the Eagles.

Karrier[endre | endre wikiteksten]

Den første tida: 1971–73[endre | endre wikiteksten]

The Eagles starta opp tidleg i 1971 då Linda Ronstadt og den dåverande manageren hennar John Boylan rekrutterte dei lokale musikarane Glenn Frey og Don Henley til bandet sitt.[5] Henley hadde flytta til Los Angeles frå Texas med bandet sitt Shiloh (produsert av Kenny Rogers),[6] og Frey hadde kome frå Michigan og danna Longbranch Pennywhistle. Dei møtte kvarandre i 1970 på The Troubadour i Los Angeles og vart kjende gjennom det felles plateselskapet deira, Amos Records.[7][8] Randy Meisner, som hadde arbeidd i bandet til Ricky Nelson, the Stone Canyon Band, og Bernie Leadon, som hadde spelt med the Flying Burrito Brothers, kom med i gruppa til Ronstadt for sommarturneen hennar for å marknadsføre albumet Silk Purse.[5][9]

Desse fire spelte berre ein gong i lag bak Ronstadt, for ein konsert i juli i Disneyland,[5] men alle fire var med på albumet hennar, Linda Ronstadt.[10] Med løyve frå Ronstadt bad Henley og Frey Leadon og Meisner om dei ønskte å danne eit band, og dei fekk etter kort tid kontrakt med Asylum Records, eit nytt selskap starta av David Geffen.[11] Namnet på bandet vart foreslått av Leadon ein kveld i Mojaveørkenen med peyote og tequila, då han hugsa å ha lese om korleis hopi-indianarane æra ørna.[12] Steve Martin, ein ven av bandet frå den første tida deira på The Troubadour, skreiv i sjølvbiografien sin at han føreslo at dei skulle kalle bandet «the Eagles», men Frey insisterte på at bandet skulle heite berre «Eagles».[13] Geffen og partnaren Elliot Roberts var opphavleg managerar for bandet, men dei vart sidan erstatta av Irving Azoff.

Debutalbumet til gruppa vart spelt inn i England i februar 1972 med produsenten Glyn Johns.[5] Det kom ut 26. juni 1972 og Eagles vart ein stor suksess frå starten av med tre hitsinglar. Den første singelen og opningssporet på albumet, «Take It Easy», var ein song skriven av Frey i lag med den dåverande naboen og musikarvenen Jackson Browne. Browne hadde skrive det meste av songen, fram til linja «I'm standing on a corner in Winslow, Arizona», der det stoppa opp for han. Frey la til den neste linja («It's a girl, my Lord, in a flatbed Ford») og Browne forsette til slutten av songen. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjorde Eagles til stjerner. Singelen vart følgd opp av den bluesaktige «Witchy Woman» og soft-countryrockballaden «Peaceful Easy Feeling», som nådde høvesvis niande og 22. plassen på singellista i USA. På det neste albumet deira, Desperado, nytta dei eit Ville Vesten-tema som trekte samanlikningar mellom livsstilen til dei gamle fredlause cowboyane og moderne rockestjerner. Albumet var det første der gruppa synte ein hang til å skrive songar innafor eit konsept. Det var under innspelingane av dette albumet at Henley og Frey byrja å skrive musikk i lag. Dei skreiv åtte av dei elleve songane på albumet, inkludert «Tequila Sunrise» og «Desperado», to av dei mest populære songane på albumet. Bluegrass-songane «Twenty-One», «Doolin–Dalton» og balladen «Saturday Night» synte dugleiken til gitaristen Bernie Leadon på banjo, gitar og mandolin. Soga om den frykta «Doolin–Dalton»-gjenge frå Det ville vesten er hovudtemaet på albumet, som ein kan sjå i songane «Doolin–Dalton», «Desperado», «Certain Kind of Fool», «Outlaw Man», og «Bitter Creek». Albumet var ikkje like suksessrikt som det første, og nådde berre 41. plassen på Billboard 200 i USA, men gav to hitsinglar, «Tequila Sunrise», som nådde 61. plassen på Billboard Hot 100 og «Outlaw Man», som nådde 59. plassen. Henley og Frey skreiv ikkje berre dei fleste songane på dette albumet, og albuma som skulle kome, men tok på eit vis over leiinga i bandet, der Leadon og Meisner, som var meir erfarne musikarar, hadde hatt større påverknad i starten av karrieren til bandet.[14]

On the Border og One of These Nights: 1974–75[endre | endre wikiteksten]

For det neste albumet deira, On the Border, ønskte Henley og Frey at bandet skulle bort frå countryrock-stilen og meir mot hardrock. Eagles starta først med Glyn Johns som produsent for albumet, men han la meir vekt på smørsida av musikken deira. Etter to songar var ferdiginnspelt, gjekk bandet til Bill Szymczyk, som produserte resten av albumet.[15] Szymczyk ønskte ein hardare gitarstil for songen «Good Day in Hell» og bandet kom på barndomsvenen til Bernie Leadon, Don Felder, ein gitarist som hadde jamma med bandet i 1972 då dei varma opp for Yes i Boston.[16][17] Felder fekk kallenamnet «Fingers» under denne jammen av Frey, eit namn som vart hengande ved han fordi han var ein dugande gitarist.[18] I januar 1974 ringde Frey til Felder for å få han med på slidegitar på songen «Good Day in Hell» og bandet vart så imponert at dei inviterte han med i gruppa som det femte medlemmet dagen etter.[19][20] Han var med på ein annan song på albumet, den livlege «Already Gone», der han speler gitar i lag med Frey. On the Border inneheld singelen «Best of My Love», som nådde toppen av listene 1. mars 1975. Songen vart den første av singlar som nådde toppen av singellista for Eagles. Songen syner den hardare, nye stilen som bandet fekk med Felder. Singelen «Already Gone» nådde 32. plassen på singellista i USA. Albumet inneheldt òg ein versjon av Tom Waits-songen «Ol' '55» og singelen «James Dean», som nådde 77. plassen på listene.

Bandet spelte på California Jam-festivalen i Ontario i California den 6. april 1974. Meir enn 300 000 menneske var til stades, i det som vart kalla «the Woodstock of the West Coast», og andre som spelte på festivalen var Black Sabbath, Emerson, Lake & Palmer, Deep Purple, Earth, Wind & Fire, Seals & Crofts, Black Oak Arkansas og Rare Earth.[21] Delar av showet vart sendt på fjernsyn av ABC i USA, og eksponerte Eagles for eit breiare publikum. Felder gjekk glipp av konserten då han var med på fødselen til sonen sin. Jackson Browne steppa inn på piano og akustisk gitar.[22]

The Eagles gav ut det fjerde studioalbumet sitt, One of These Nights, den 10. juni 1975. Det var det store gjennombrotet deira og gjorde dei til internasjonale superstjerner. Det var det første i ei rekkje på fire album som nådde toppen av albumlista i USA. Henley og Frey heldt fram å skrive dei fleste songane på albumet. Den første singelen var tittelsporet, som vart den andre singelen deira på toppen av singellista i USA. Frey har omtalt denne som hans favoritt Eagles-song.[treng kjelde] Den andre singelen var «Lyin' Eyes», som nådde andreplassen på lista og som bandet vann ein Grammy-pris for i kategorien beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal. Den siste singelen var «Take It to the Limit», skriven av Meisner, Henley og Frey og med Meisner på solovokal. Songen nådde fjerdeplassen på lista og vart den første Eagles-singelen som selde til gullplate. Bandet la ut på ein stor verdsturné for å marknadsføre albumet. «One of These Nights» vart nominert til Grammy-prisen for årets album. Det var det siste albumet deira med Bernie Leadon, som slutta i gruppa i desember det året.[23] Leadon mislikte den musikalske retninga bandet tok, sidan dei gjekk frå country, som han føretrekte, til rock and roll.[24] Leadon skreiv to songar for albumet, «I Wish You Peace», i lag med kjærasten Patti Davis (dottera til guvernøren i California på den tida, Ronald Reagan, og Nancy Reagan). Den instrumentale «Journey of the Sorcerer» vart seinare nytta som kjenningsmelodi for BBC sine versjonar av The Hitchhiker's Guide to the Galaxy på radio og fjernsyn.

Erstattaren til Leadon vart offisielt annonsert den 20. desember 1975, gitaristen, songaren og klaverspelaren Joe Walsh, som hadde vore ein ven av bandet i fleire år. Han hadde tidlegare spelt med James Gang, Barnstorm, og hatt ein karriere som soloartist. Han hadde òg Azoff som manager og nytta Szymczyk som plateprodusent.[23] Det var i starten uro om Walsh ville passe inn i bandet, sidan han vart rekna for å vere for «vill» for Eagles, særleg av Henley.[23] Etter Leadon slutta forsvann den tidlege countrystilen til Eagles heilt bort, og bandet lente seg meir mot den røffare stilen til Felder og Walsh.

Tidleg i 1976 gav bandet ut det første samlealbumet sitt, Their Greatest Hits 1971–1975. Albumet vart det mestseljande albumet i USA gjennom tidene med meir enn 29 millionar eksemplar i USA aleine, og meir enn 42 millionar eksemplar verda over. Albumet semnterte statusen til gruppa som det mest suksessrike amerikanske bandet i 1970-åra.

Stor suksess med Hotel California: 1976–78[endre | endre wikiteksten]

Den 8. desember 1976 kom Hotel California, som var det femte studioalbumet til gruppa, og det første med Walsh. Innspelinga av albumet tok eitt og eit halv år, ein prosess, som i lag med turneringa, tappa bandet for krefter. Den første singelen frå albumet, «New Kid in Town», vart den tredje singelen deira som nådde førsteplassen i USA.

Den andre singelen frå albumet var tittelsporet, som toppa listene i mai 1977 og vart signaturlåten til Eagles. Henley syng solovokal med ein gitarduett framført av Felder og Walsh. Songen var skriven av Felder, Henley og Frey, der Felder stod for all musikken. Den mystiske teksten har blitt tolka på mange måtar, somme av dei kontroversielle. Somme teoriar var at songen omhandla satanisme. Rykta vart avviste av bandet og seinare av Henley i dokumentarfilmen History of the Eagles. Henley fortalte i 60 Minutes i 2007 at «det er i hovudsak ein song om det mørke underlivet i den amerikanske draumen og om utsvevande liv i Amerika, som var noko me kjende godt til».[25]

Hardrocksongen «Life in the Fast Lane» vart ein stor suksess og etablerte posisjonen til Walsh i bandet. Som den tredje og siste singelen frå Hotel California, nådde han 11. plassen på listene. Balladen «Wasted Time» avslutta den første sida av albumet, medan ein instrumental reprise opnar den andre sida. Albumet avsluttar med «The Last Resort», ein song som Frey ein gong kalla «Henley's opus», men som Henley sjølv skildra som «ganske gåande» og «ikkje heilt realisert, musikalsk sett».[26]

På utløpsrenna på side to av vinylplata stod orda «V.O.L. Is Five-Piece Live», som tyder at instrumentalsporet for songen «Victim of Love» vart spelt inn live i studio, utan at det vart lagt oppå fleire opptak. Henley stadfesta dette i omslaget til The Very Best Of. Men songen førte til krangling mellom Don Felder og resten av bandet. I dokumentarfilmen frå 2013 hevda Felder at han vart lova solovokal på «Victim of Love» , som han hadde skrive det meste av musikken til. Etter fleire mislukka forsøk på å spele inn vokalen, fekk manageren Irving Azoff i oppgåve å ta Felder ut til eit måltid, fjerna han frå miksen, medan Don Henley la på sin eigen solovokal. Joe Walsh hevda at Felder aldri tilgav dei for dette (Felder hevda på si side at han ikkje lenger var lei for dette i boka si). Hotel California har vore med på fleire lister over tidenes beste album,[27] og er det mestseljande studioalbumet til bandet med meir enn 16 millionar selde eksemplar i USA aleine, og meir enn 32 millionar selde eksemplar på verdsbasis.

Albumet vann Grammy-prisen for årets singel («Hotel California») og «Best arrangement for stemmer» («New Kid in Town») Hotel California toppa listene og vart moninert til årets album, men tapte for Fleetwood Mac sitt Rumours. Ein enorm, slitsam verdsturné følgde utgjevinga, og bandet vart tappa for fysiske og kreative krefter, som gjekk ut over det personlege forholdet deira.

Hotel California er det siste albumet med Randy Meisner, som brått slutta etter turneen i 1977. Eagles hadde turnert kontinuerleg i 11 månader og Meisner sleit med magesår og influensa då dei kom til Knoxville i juli.[28] Frey og Meisner hadde stadig krangla om Meisner var god nok til å framføre signaturlåten sin, «Take It To the Limit», under turneen, sidan Meisner sleit med å treffe dei viktige, høge tonane i songen på grunn av plagene sine.[29] Under den neste konserten, valte Meisner å hoppe over songen, sidan han var sjuk, men då Frey kravde at han skulle synge songen som eit ekstranummer, hamna dei to i slosskamp bak scenen og Meisner drog derfrå.[30] Trass i at Felder og Walsh bønfall Meisner om å bli, slutta han i gruppa då turneen var over, og drog attende til Nebraska for å vere med familien. Den siste konserten hans var i East Troy i Wisconsin den 3. september 1977.[31] Meisner vart erstatta av den same musikaren som hadde erstatta han i Poco, Timothy B. Schmit, etter bandet vart samde om at Schmit var den einaste kandidaten.[32]

I 1977 akkompagnerte gruppa, utan Don Felder, og song korvokal for Randy Newman på albumet Little Criminals, inkludert «Short People», med korvokal av Frey og Schmit.

The Long Run og oppløysinga: 1979–80[endre | endre wikiteksten]

Eagles gjekk i studio att i 1977 for spele inn det neste albumet, The Long Run. Det tok to år å få albumet ferdig. Det var opphavleg meint som eit dobbeltalbum, men bandet klarte ikkje å skrive nok songar. The Long Run kom ut 24. september 1979. Det vart rekna som skuffande av somme kritikarar, då det ikkje levde opp til Hotel California. Det vart likevel ein stor salsuksess og toppa albumlistene og selde meir enn sju millionar eksemplar. I tillegg inneheldt det tre hitsinglar. «Heartache Tonight» vart den siste singelen deira som toppa Hot 100 i USA, den 10. november 1979. Tittelsporet og «I Can't Tell You Why» nådde begge åttandeplassen. Bandet vann sin fjerde Grammy-pris for «Heartache Tonight». «In The City» av Walsh og «The Sad Cafe» vart faste songar på konsertane deira. Bandet spelte òg inn to julesongar under desse innspelingane, «Funky New Year» og «Please Come Home For Christmas», som vart gjeven ut som ein singel i 1978 og nådde 18. plassen på singellista.

Frey, Henley og Schmit song korvokal for singelen «Look What You've Done to Me» av Boz Scaggs. Ein annan versjon med kvinneleg korvokal var med på filmmusikken til Urban Cowboy i lag med Eagles sin «Lyin' Eyes» frå 1975.

Den 31. juli 1980 kokte det over for bandet i Long Beach i California.[33][34] Kranglinga mellom Felder og Frey kokte over før konserten byrja, då Felder sa «You're welcome – I guess» til kona til California-senatoren Alan Cranston, då politikaren takka bandet for å ha spelt på ein event for valkampen hans.[35] Frey og Felder brukte heile konserten til å fortelje kvarandre korleis dei skulle banke kvarandre då konserten var over. «Berre tre songar til så skal eg banke deg», hugsar Frey at Felder sa til han mot slutten av konserten.[36] Felder hugsar at Frey sa til han under «Best of My Love» at «eg skal banke deg når me kjem av scenen.»[33][37]

Dette vart slutten for Eagles, men bandet hadde framleis ein kontrakt med Elektra Records om å spele inn eit konsertalbum frå turneen. Eagles Live kom ut i november 1980. Frey hadde alt slutta i bandet og vart verande i Los Angeles, medan dei nadre medlemmane arbeidde på sine delar i Miami.[38] Frey nekta å snakke med dei andre i Eagles, og han sparka Irving Azoff som manageren sin.[38] På plateomslaget var det ikkje nemnt færre enn fem advokatar og i teksten i omslaget stod det berre «Thank you and goodnight». Det vart gjeve ut ein singel frå albumet - «Seven Bridges Road» – som hadde vorte mykje spelt på konsertane ti lbandet. Han var skriven av Steve Young i eit arrangement skapt av Iain Matthews for hans Valley Hi i 1973. Songen nådde 21. plassen på singellista i 1980 og vart den siste hitten deira før 1994.

Etter oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Etter Eagles gav seg heldt bandmedlemmane fram solokarrieren sine. Elektra, som hadde ein langtidskontrakt med bandet, eigde rettane til soloalbum av medlemmane (sjølv om fleire flytta til forskjellige selskap dei neste åra). Walsh hadde alt etablert seg som soloartist i 1970-åra, både før og medan han spelte i Eagles, men ingen av dei andre medlemmane hadde spelt solo tidlegare. Walsh gav ut eit suksessrikt album i 1981, There Goes the Neighborhood, men dei påfølgjande albuma i 1980-åra, som Got Any Gum? selde dårlegare. I denne perioden spelte Walsh som studiomusikar for mellom andre Dan Fogelberg, Steve Winwood, John Entwistle, Richard Marx og Emerson, Lake & Palmer, og produserte og skreiv songarn for Ringo Starr-albumet Old Wave.

Henley fekk utan tvil størst suksess som soloartist av medlemmane i Eagles. I 1981 song han ein duett med Stevie Nicks frå Fleetwood Mac, «Leather and Lace.» I 1982 gav han ut I Can't Stand Still, med hitten «Dirty Laundry». Dette albumet bleikna samanlikna med det neste albumet hans, Building the Perfect Beast (1984), som inneheld den klassiske rockehitten «The Boys of Summer» (femteplassen på Billboard), «All She Wants to Do Is Dance (niandeplass),» «Not Enough Love in the World» (34. plass) og «Sunset Grill» (22. plass). Det neste albumet til Henley, The End of the Innocence (1989), vart òg ein stor suksess. Dette inneheld «The End of the Innocence,» «The Last Worthless Evening» og «The Heart of the Matter». Solokarrieren hans vart avkorta på grunn av kontraktsproblem med plateselskapet hans, som først vart løyst då Eagles kom saman att i 1994.

Frey hadde òg suksess som soloartist i 1980-åra. I 1982 gav han ut debutalbumet No Fun Aloud, som gav han hitten «The One You LoveThe Allnighter (1984) inneheldt hitten «Sexy Girl». Han nådde andreplassen på singellista med «The Heat Is On» frå musikken til Beverly Hills Cop. Han fekk ein annan andreplass på singellista i 1985 med «You Belong to the City» frå musikken til Miami Vice, som òg nytta ein annan Frey-song, «Smuggler's Blues». Han medverka som «Jimmy» i ein episode kalla opp etter songen. Han medverka med songane «Flip City» til Ghostbusters II og «Part of Me, Part of You» til filmen Thelma & Louise.

Den tidlegare musikkjournalisten Cameron Crowe, som var fan av Eagles og som hadde skrive artiklar om Eagles og Poco laga i 1982 den første filmen sin, Fast Times at Ridgemont High. Filmen vart produsert i lag med Eaglesmanageren Azoff, som òg var medprodusent på filmmusikkalbumet, gjeven ut av Elektra. Henley, Walsh, Schmit og Felder medverka alle med solosongar til filmen. Bandet som spelar i dansen på slutten av filmen spelar Eagles-songen «Life in the Fast Lane».

Felder gav òg ut eit soloalbum og medverka med to songar til filmen Heavy Metal: «Heavy Metal (Takin' a Ride)» (med Henley og Schmit på korvokal) og «All of You». Han hadde òg ein mindre hit kalla «Bad Girls» frå soloalbumet Airborne.

Schmit hadde ein aktiv karriere etter bandet vart oppløyst. Han hadde ein hit song i Fast Times at Ridgemont High med «So Much in Love». Han medverka med vokal til Crosby, Stills & Nash-albumet Daylight Again på songane «Southern Cross» og «Wasted on the Way» då bandet trengde ein ekstra vokalist etter at David Crosby ikkje var i stand til å synge på grunn av dopmisbruk. Schmit song korvokal på Toto-albumet Toto IV, inkludert songen «I Won't Hold You Back» og var med på den europeiske turneen til bandet i 1982. Han var tre år medlem av (1983–1985) i Jimmy Buffett's Coral Reefer. Han fekk ein hit i 1987 med «Boys' Night Out» og «Don't Give Up,» begge frå albumet Timothy B. Schmit spelte med Meisner og Walsh på debutsingelen til Richard Marx, «Don't Mean Nothing». I 1992 turnerte Schmit og Walsh som medlemmar i Ringo Starr sitt All-Starr Band og var med på ein konsertvideo frå Montreux Jazz Festival. Schmit gav ut to soloalbum, Playin' It Cool i 1984 og Tell Me the Truth i 1990. Han var det einaste Eagles-medlemmet som i 1993 spelte på hyllestalbumet til Eagles, Common Thread: The Songs of the Eagles, der han song korvokal på Vince Gill sin versjon av «I Can't Tell You Why».

Meisner hadde ein hit med songen «Hearts on Fire» i 1981.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Bandet var inspirert av 60-tals rhythm and blues, soul, bluegrass og rock, med band som the Byrds og Buffalo Springfield,[39] og stilen til Eagles er blitt skildra som «California-rock».[40] Sal Manna skreiv i omslaget til Hell Freezes Over at «Ingen kunne heilt setje fingeren på kva 'California rock' tydde - kanskje bortsett frå at i California så er alt mogeleg, musikken som kom frå det håpefulle landet var meir fri».[41] Rolling Stone skildra stilen til Eagles som ein kombinasjon av «countryaktige vokalharmoniar med hardrockgitarar og tekstar». Stilen til gruppa er òg blitt skildra som softrock,[42][43][44][45] countryrock[46][47][48] og folkrock,[49][50][51] og i seinare år er dei blitt assosiert med albumrock og arenarock.[5][52]

Dei to første albuma til gruppa kombinerte rock, country, tradisjonell rock and roll og folkemusikk,[53] som førte bandet i framgrunnen av countryrock- og folkrock-rørsla i 1970-åra. For det tredje albumet On the Border, utvida bandet stilen med å inkludere hardrock,[54] ein sjanger bandet berre så vidt hadde vore innom tidlegare. I 1975 med One of These Nights utforska gruppa ei mjukare stil, mellom anna med hitsinglane «Take It to the Limit» og «Lyin' Eyes», som kombinerte rock, pop, country og folk.[41] På comebackalbumet frå 2007, Long Road Out of Eden, gjekk dei attende til countryrockstilen frå den tidlege tida.[55] Eagles har òg eksperimentert med andre sjangrar som bluesrock,[55] rhythm and blues,[41] funk,[55] poprock,[56] disco[57] og bluegrass.[54]

Gjenforeining[endre | endre wikiteksten]

Hell Freezes Over: 1994–2000[endre | endre wikiteksten]

Eit hyllestalbum av countryartistar, kalla Common Thread: The Songs of the Eagles, kom ut i 1993, 13 år etter bandet vart oppløyst. Travis Tritt insisterte på å ha med seg Eagles-besetninga frå Long Run-tida i videoen sin for «Take It Easy» og dei gjekk med på dette. Året etter var det spekulasjonar på om bandet var på veg saman att. Besetninga bestod av dei fem medlemmane frå Long Run-tida med Frey, Henley, Walsh, Felder og Schmit, i tillegg til Scott Crago (trommer), John Corey (klaverinstrument, gitar, korvokal), Timothy Drury (klaverinstrument, gitar, korvokal) og Al Garth (saksofon, fiolin) på scenen.

«Det må seiast at me aldri slutta bandet, me tok berre ein 14 år lang pause», annonserte Frey på den første konserten deira i april 1994. Den påfølgjande turneen gav albumet Hell Freezes Over (kalla opp etter det Henley stadig sa om at gruppa ville kome saman at «når helvete frys til»). Albumet debuerte på toppen av Billboard-lista. Det inneheldt fire nye studioopptak, og «Get Over It» og «Love Will Keep Us Alive» vart begge hittar. Albumet vart like suksessrikt som turneen og selde seks millionar eksemplar i USA. Turneen vart stoppa i september 1994 då Frey fekk alvorleg divertikulose, men heldt fram i 1995 og 1996.[58] I 1998 vart Eagles innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. For seremonien var alle dei sju Eagles-medlemmane (Frey, Henley, Felder, Walsh, Schmit, Leadon og Meisner) i lag og spelte på to songar, «Take It Easy» og «Hotel California». Fleire turnear følgde (utan Leadon og Meisner), og fleire vart kjende for dei rekordhøge billettprisane.[42][59]

Eagles spelte i Mandalay Bay Events Center i Las Vegas den 28. og 29. desember 1999, etterfulgt av ein konsert i Staples Center i Los Angeles den 31. desember. Desse konsertane vart siste gongen Felder spelte med bandet og konsertane (inkludert ei planlagt utgjeving på video) var seinare ein del av eit søksmål av Felder mot dei tidlegare bandkollegaene sine. Konsertoptaka vart gjevne ut på CD som ein del av den fire plater store Selected Works: 1972–1999 i november 2000. I lag med konserten, inneheldt samlinga dei største hitsinglane til bandet, albumspor og unytta studioopptak frå innspelinga av The Long Run. Selected Works selde 267 000 eksemplar for kring 60 USD per eining. Gruppa fortsette å turnere i 2001 med ei besetning som bestod av Frey, Henley, Walsh og Schmit, i tillegg til Steuart Smith (gitarar, mandolin, klaverinstrument, korvokal; som i røynda tok over Felder si rolle), Michael Thompson (klaverinstrument, trombone), Will Hollis (klaverinstrument, korvokal), Scott Crago (trommer, perkusjon), Bill Armstrong (blåsarar), Al Garth (saksofon, fiolin), Christian Mostert (saksofon) og Greg Smith (saksofon, perkusjon).

Don Felder-søksmål: 2001–02[endre | endre wikiteksten]

Den 6. februar 2001 fekk Don Felder sparken frå Eagles. Han varte med to søksmål mot «Eagles, Ltd.», eit California-selskap, for feilaktig avslutning av kontrakten hans og investeringstap, og ønskte 50 millionar USD i erstatning.[60][61] Felder hevda at frå Hell Freezes Over-turneen i 1994 og framover, hadde Henley og Frey «... insistert på at dei to fekk ein høgare prosentdel av inntektene til bandet...», medan inntektene tidlegare hadde blitt delt i fem like delar. Felder skulda dei for å ha lurt han til å signere under på avtalen som gav Henley og Frey tre gonger så mykje av overskotet for Selected Works: 1972–1999.

På vegne av klientane sine, Henley og Frey, sa advokaten Daniel M. Petrocelli:

[Henley and Frey] følte, sett i lys av kjemi, kreativitet og framføring - at han ikkje lenger kunne vere ein del av bandet ... Dei fjerna han, og dei hadde all rett til å gjere det. Dette har skjedd med rockeband sidan dag ein.[60]

Henley og Frey kom så med motsøksmål mot Felder for kontraktsbrot, og hevda at Felder hadde skriven ei «avslørande» bok, Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Utgjevinga av den første utgåva i USA vart avlyst etter at forlaget Hyperion Books trakk seg ut i september 2001. Den amerikanske utgåva vart publisert av John Wiley & Sons den 28. april 2008 og Felder marknadsførte boka stort. Boka kom ut i Storbritannia den 1. november 2007.[62]

Den 23. januar 2002 godtok Los Angeles County Court dei to søksmåla og sette ein rettsdato til september 2006,[63] og saka vart heva den 8. mai 2007, etter at dei to partane vart forlikte utanfor rettsalen, for ein ukjend sum.[63]

2003–06[endre | endre wikiteksten]

I 2003 gav Eagles ut samlealbumet The Very Best Of.[64] Den doble samlinga var den første som dekte heile karrieren deira frå Eagles til Hell Freezes Over. Han debuterte på tredjeplassen på Billboard-lista og selde etter kvart til trippel platina. Albumet inneheld ein ny singel med 11. september-åtaka som tema, kalla «Hole in the World». I 2003 byrja Warren Zevon, ein langvarig ven av Eagles, arbeidet på det siste albumet sitt, med hjelp frå Henley, Walsh og Schmit.

Den 14. juni 2005 gav Eagles ut den doble DVDen Farewell 1 Tour-Live from Melbourne, med to nye songar: Frey sin «No More Cloudy Days» og Walsh sin «One Day at a Time». Ei spesialutgåve kom ut i 2006, med ein eksklusiv salsavtale til Walmart og tilhøyrande butikkar. Denne inneheldt ein lyd-CD som bonusplate med tre nye songar: ein studioversjon av «No More Cloudy Days», «Fast Company», og «Do Something».[65]

Long Road Out of Eden: 2007–11[endre | endre wikiteksten]

I 2007 bestod Eagles av Frey, Henley, Walsh og Schmit. Den 20. august 2007 vart «How Long», skriven av J.D. Souther gjeven ut som singel for radio, med ein tilhøyrande musikkvideo på Yahoo! Music. Han vart vist på fjernsyn på Country Music Television den 23. august 2007. Bandet hadde framført denne songen på konsertane sine sidan tidleg i 1970-åra, men ikkj spelt inn songen fordi Souther ønskte å spele han inn sjølv for det første soloalbumet sitt. Souther hadde tidlegare arbeidd med Eagles og vore medlåtskrivar på somme av dei største hittane deira, inkludert «Best of My Love», «Victim of Love», «Heartache Tonight» og «New Kid in Town».

Den 30. oktober 2007 gav Eagles ut Long Road Out of Eden, det første albumet deira med berre nye songar sidan 1979. Det første året etter albumet kom ut, var det berre tilgjengeleg for sal via nettsida til bandet, på Walmart og Sam's Club.[66] Albumet debuterte på toppen av albumlistene i USA,[67] Storbritannia, Australia, New Zealand, Nederland og Noreg. Det vart det tredje studioalbumet deira og den sjuande utgjevinga totalt sett som vart sertifisert til minst sju gonger platina av RIAA.[68] Henley sa til CNN at «dette er truleg det siste Eagles-albumet me spelar inn.»[69]

Den 28. januar 2008 kom den andre singelen frå Long Road Out of Eden ut. «Busy Being Fabulous» nådde 28. plassen på U.S. Billboard Hot Country Songs-lista og 12. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary Tracks-lista. Eagles vann den femte Grammy-prisen sin for beste countrysong for duo eller band med vokal for songen «How Long».

Den 20. mars 2008 la Eagles ut på verdsturneen for å marknadsføre Long Road Out of Eden med ein konsert i The O2 Arena i London. Sommaren 2010 turnerte dei i Nord-Amerika i lag med Dixie Chicks og Keith Urban.

History of the Eagles og 2013-turneen[endre | endre wikiteksten]

I februar 2013 gav Eagles ut ein dokumentarfilm som dekte heile karrieren deira, kalla History of the Eagles og dei la ut på ein turné i juli det året, som varte til 2015.[70] Henley sa at turneen kanskje kom til å bli den siste for bandet. Bernie Leadon var med på turneen. Meisner vart òg invitert med, men kunne ikkje av helseårsaker.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • Joe Walsh – vokal, gitar, klaverinstrument (1975–1980, 1994 til i dag)
  • Timothy B. Schmit – vokal, bass, gitar (1977–1980, 1994 til i dag)
  • Don Henley – vokal, trommer, perkusjon, gitar (1971–1980, 1994 til i dag)

Tidlegare medlemmar

  • Glenn Frey – vokal, gitar, klaverinstrument, munnspel (1971–1980, 1994-2016)
  • Don Felder – vokal, gitar, pedal steel, mandolin, klaverinstrument (1974–1980, 1994–2001)
  • Bernie Leadon – vokal, gitar, banjo, pedal steel, mandolin (1971–75, turnerte med bandet som gjest i 2013-2015)
  • Randy Meisner – vokal, bass, gitar, gitarrón (1971–77)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Galleri: Eagles-konsert i desember 2008[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Eagles.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artists - Capitol Records». Capitol Records. http://www.capitolrecords.com/artists/. Henta 24. august 2014. 
  2. «100 Greatest Artists – 75 > Eagles». Rolling Stone (946). 15. april 2004. Henta 14. august 2015. 
  3. Vorel, Jim (27. september 2012), «Eagles tribute band landing at Kirkland», Herald & Review, http://herald-review.com/entertainment/local/eagles-tribute-band-landing-at-kirkland/article_a8dcd506-08d0-11e2-82ac-001a4bcf887a.html, henta 14. august 2015 
  4. Liscu, Jenny (20. januar 2000). «The Eagles: Twenty-Six Million Served». Rolling Stone. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Ruhlmann, William. «Eagles – Artist Biography». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/artist/eagles-mn0000144847/biography. Henta 14. august 2015. 
  6. Eliot 2004, s. 39.
  7. «History 1970». http://www.troubadour.com/history/. Henta 14. august 2015. 
  8. Felder & Holden 2008, s. 81.
  9. «Eagles». Hit Parade Hall of Fame. http://hitparadehalloffame.com/eagles/. Henta 4. november 2014. 
  10. «Linda Ronstadt – Linda Ronstadt». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/mw0000628307/credits. Henta 14. august 2015. 
  11. Felder & Holden 2008, s. 81–82.
  12. Felder & Holden 2008, s. 82.
  13. Martin 2007, s. 136.
  14. Hilburn, Robert (23. mai 1982). The Eagles – A Long Run Is OverWayback Machine (arkivert 29. mars 2007).. Los Angeles Times. Henta 14. august 2015.
  15. Felder & Holden 2008, s. 106.
  16. Felder & Holden 2008, s. 83–85.
  17. Felder & Holden 2008, s. 94–96.
  18. Felder & Holden 2008, s. 83.
  19. Felder & Holden 2008, s. 108.
  20. Felder & Holden 2008, s. 112–113.
  21. Felder & Holden 2008, s. 125.
  22. Felder & Holden 2008, s. 126–127.
  23. 23,0 23,1 23,2 Felder & Holden 2008, s. 153.
  24. Felder & Holden 2008, s. 133.
  25. Kroft, Steve (25. november 2007). «Eagles: Dark Days». 60 Minutes. CBS News. http://www.cbsnews.com/video/watch/?id=3538308n. Henta 14. august 2015. 
  26. Crowe, Cameron (August 2003). «Eagles: Very Best Of». Conversations with Glenn Frey and Don Henley. The Uncool. http://www.theuncool.com/journalism/the-very-best-of-the-eagles/. Henta 14. august 2015. 
  27. «Rolling Stone's 500 Greatest Album of All Time No. 37 – Hotel California». Rolling Stone. Henta 14. august 2015. 
  28. Felder & Holden 2008, s. 185.
  29. Felder & Holden 2008, s. 185-186.
  30. Felder & Holden 2008, s. 187.
  31. Felder & Holden 2008, s. 188.
  32. Felder & Holden 2008, s. 190.
  33. 33,0 33,1 How The Eagles took it to the limitsWayback Machine (arkivert 18. juli 2008).. The Times (London). 12. oktober 2007. Henta 14. august 2015.
  34. Felder & Holden 2008, s. 209.
  35. Felder & Holden 2008, s. 209-210.
  36. Gumbel, Andrew (3. februar 2007), «Eagles reform: checking back into the Hotel California», The Independent, http://www.independent.co.uk/arts-entertainment/music/features/eagles-reform-checking-back-into-the-hotel-california-434806.html, henta 27. november 2010 
  37. Felder & Holden 2008, s. 210.
  38. 38,0 38,1 Felder & Holden 2008, s. 214.
  39. «Donald Henley (Eagles) - Interview with Jools Holland (2007)». YouTube. 17 August 2014. https://www.youtube.com/watch?v=NWDaHoKjvd0. Henta 6. september 2014. 
  40. Reno, Jamie (August 2005). «A Close Connection». San Diego Magazine 57 (10): 248. ISSN 0036-4045. 
  41. 41,0 41,1 41,2 Manna, Sal. Hell Freezes Over (CD). 
  42. 42,0 42,1 Cockcroft, Lucy (12. oktober 2007), «Eagles fans forced to pay £1 000 per ticket», The Daily Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/1565979/Eagles-fans-forced-to-pay-andpound1 000-per-ticket.html, henta 15. august 2015 
  43. Beviglia, Jim (19. mai 2014). «Lyric Of The Week: The Eagles, «Wasted Time»». American Songwriter. Henta 14. august 2015. 
  44. «John Peel's Records: 'E' Is For Eagles». The Quietus. 19. mai 2014. http://thequietus.com/articles/08918-john-peels-records-e. Henta 14. august 2015. 
  45. Smith, Chris (2006). The Greenwood Encyclopedia of Rock History: From Arenas to the Underground, 1974-1980. Greenwood Press. s. 88. ISBN 0-313-32937-0. As a result, soft-rock acts like the Eagles, the Bee Gees, Fleetwood Mac, and Elton John became some of the most popular musical artists of the decade. 
  46. Horn, David; Shepherd, John (2012). Continuum Encyclopedia of Popular Music of the World. 8 – Genres: North America. Continuum. s. 438. ISBN 978-1-4411-6078-2. This appeal also applied to countryrock acts such as The Eagles and Ronstadt 
  47. «Pop/Rock » Folk/Country Rock » Country-Rock». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/style/country-rock-ma0000002536. Henta 14. august 2015. 
  48. Stacey, Lee; Henderson, Lol, red. (2013). «Evolution of folkrock». Encyclopedia of Music in the 20th Century. Routledge. ISBN 1-5795-8079-3. 
  49. Leary, Sean (21. oktober 2013). «Eagles bring classic sound to Q-C». Quad-City Times. Go&Do. http://qctimes.com/entertainment/music/eagles-bring-classic-sound-to-q-c/article_f05dbfe9-e35e-539f-b596-2acbc2acf199.html. Henta 14. august 2015. 
  50. Martins, Chris (20. januar 2013). «The History of the Eagles: American Dream or American Nightmare?». Spin. Henta 14. august 2015. 
  51. Williams, David (5. april 2012). «The Eagles Take Cape Town on a Super-cool Nostalgia Trip». Rolling Stone. Henta 14. august 2015. 
  52. Ruhlmann, William. «Eagles – Hotel California». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/hotel-california-mw0000189884. Henta 14. august 2015. 
  53. Ruhlmann, William. «Eagles – Eagles». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/eagles-mw0000189885. Henta 14. august 2015. 
  54. 54,0 54,1 Ruhlmann, William. «Eagles – On the Border». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/on-the-border-mw0000193647. Henta 14. august 2015. 
  55. 55,0 55,1 55,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Eagles – Long Road Out of Eden». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/long-road-out-of-eden-mw0000497545. Henta 11. september 2014. 
  56. Ruhlmann, William. «Eagles – The Long Run». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/the-long-run-mw0000650104. Henta 14. august 2015. 
  57. Ruhlmann, William. «Eagles – One of These Nights». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/one-of-these-nights-mw0000189767. Henta 14. august 2015. 
  58. The Great Gastro-Intestinal Saga of Glenn Frey (1994–95)Wayback Machine (arkivert 11. oktober 2007).. Henta 14. august 2015.
  59. «The price of fame», The Sydney Morning Herald, 4. desember 2004, http://www.smh.com.au/news/Music/The-price-of-fame/2004/12/03/1101923322669.html, henta 15. august 2015 
  60. 60,0 60,1 Leeds, Jeff (8. desember 2002), «Reborn Eagles Lose Peaceful, Easy Feeling», Los Angeles Times: C–1, http://articles.latimes.com/2002/dec/08/business/fi-eagles-8, henta 14. august 2015 
  61. Attwood, Brett (12. februar 2001). Eagles Sued By Don Felder Over DismissalWayback Machine (arkivert 20. juni 2005).. Yahoo! Music. Henta 15. august 2015.
  62. Sandall, Robert (28. oktober 2007). Hell may have frozen over, but the Eagles are still feudingWayback Machine (arkivert 17. mai 2011).. The Sunday Times (London). Henta 14. august 2015.
  63. 63,0 63,1 Felder & Holden 2008, s. 327.
  64. Erlewine, Stephen Thomas. «Eagles – The Very Best Of [2003»]. AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/the-very-best-of-2003-mw0002114338. Henta 14. august 2015. 
  65. The Eagles package new music with Australian DVDWayback Machine (arkivert 21. juli 2011).. TheROCKradio. 1. desember 2006. Henta 14. august 2015.
  66. Zfat, Natalie (13. august 2007). «Don Henley Talks New Eagles LP». Rolling Stone. Henta 14. juli 2014. 
  67. Peters, Mitchell (6. november 2007). «Revised Chart Policy Lands Eagles At number 1». Billboard. Henta 15. august 2015. 
  68. «RIAA – Gold & Platina Searchable Database – Long Road out of Eden». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Long+Road+out+of+Eden%22. Henta 14. august 2015. 
  69. Quan, Denise (19. november 2007), Don Henley: 'Let the chips fall where they may', CNN, http://edition.cnn.com/2007/SHOWBIZ/Music/11/16/don.henley/, henta 15. august 2015 
  70. «Eagles Announce 'History' Tour: 11 Summer Dates». Billboard. 21. mars 2013. Henta 21. mars 2013. 
  71. Eagles hits album named best-selling of century, CNN, 8. desember 1999, http://archives.cnn.com/1999/SHOWBIZ/Music/12/08/eagles/, henta 14. august 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eagles