Earl Harvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Earl Harvin
Sjangerpop, alternative, jazz
Instrumenttrommer, perkusjon
programmering
gitar, bass
Tilknytte artistarAir, Seal, The The, Tindersticks

Earl Harvin er ein USA-amerikansk trommeslagar, perkusjonist og multi-instrumentalist frå New York-området, seinare busett i Dallas, Los Angeles og Berlin.

Harvin studerte ved University of North Texas College of Music[1] der han var medlem av One O'Clock Lab Band i eitt år, frå 1989. Gjennom det meste av 1990-åra leia han jazzbandet Earl Harvin Trio[2][3] og rockebandet rubberbullet.[4] Earl Harvin Trio vann Dallas Observer-kategorien «Jazz» i 2003.[5] Harvin har òg spelt med forskjellige Texas-baserte artistar som James Clay, Chao, Ten Hands og Billy Goat. Han har sidan apslet med MC 900 Foot Jesus, Seal, Joe Henry,[2] The The, The Psychedelic Furs, Trevor Horn, Pet Shop Boys, Art of Noise, The Frames, Richard Thompson, Jeff Beck, Damien Rice og mange andre. Harvin har turnert mykje med den franske duoen Air. I nyare tid har han spelt med Warren Suicide. I 2010 var han medlem av det engelske bandet Tindersticks.[6]

I 2009 gav Harvin uut soloprosjektet Oracles der han spelte alle instrument og song sjølv.[1][7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Oracles (2009; sjølvstendig)

Earl Harvin Trio[endre | endre wikiteksten]

Rubberbullet[endre | endre wikiteksten]

  • Grinning Bitches/Entangled 7" (1994; Last Beat Records)
  • rubberbullet (1995; Last Beat Records)
  • Open (1996; Last Beat Record])
  • The Kissing Song/King Of The Damned Lazer Gag 7" [delt me Baboon] (1997; Last Beat Records)

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Special Interview Arkivert 2012-03-08 ved Wayback Machine., TAMA trommer, copyright 2006
  2. 2,0 2,1 Robert Wilonsky Bang the drum loudly Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine., Dallas Observer, June 3, 1999
  3. Earl Harvin Trio, Nightstick by Robert Wilonsky, Alec Hanley Bemis, Kirk Silsbee, Sam Molineaux, Jeff Niesel and Franklin Bruno (archived) New Times LA, June 11–17, 1999
  4. Richard Baimbridge The 1997 Dallas Observer Music Awards Arkivert 2014-12-02 ved Wayback Machine. dallasobserver.com, May 1, 1997
  5. Shannon Sutlief 2003 Dallas Observer Music Awards Arkivert 2014-12-02 ved Wayback Machine., Dallas Observer, April 17, 2003
  6. Joe Tangari Tindersticks - Falling Down a Mountain pitchfork.com, February 15, 2010
  7. Oracles allmusic.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]