Early On (1964–1966)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Early On (1964–1966)
Samlealbum av David Bowie
Utgjeve 1991
Innspelt 1964-1966
Sjanger Rhythm and Blues, rock
Lengd 41:51
Selskap Rhino
David Bowie-kronologi
Changesbowie
(1990)
Early On (1964–1966) Tin Machine II
(1991)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
Changesbowie
(1990)
Early On (1964–1966) The Singles Collection
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje

Early On (1964–1966) er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i 1991. Det er kjend som det første og einaste forsøket på å samle alle songane Bowie spelte inn før han fekk kontrakt med Deram og omfattar utgjevingar for Vocallion, Parlophone og Pye. Spor tre og fire er alternativer versjonar av dei offisielle singlane, medan «Do Anything You Say» òg er ein annan miks enn den utgjevne singelen. Albumet inneheld òg fem songar som ikkje var gjevne ut før, henta frå samlinga til Shel Talmy. Talmy produserte den andre og tredje singelen til Bowie. Det kom òg ut ein kassettversjon, som ikkje inneheldt «Liza Jane», «Louie, Louie Go Home» og «Good Morning Girl».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bowie byrja platekarrieren sin som Davie Jones, ein variant av fødenamnet hans, David Robert Jones. Den første singelen hans (spor 1-2) vart spelt inn med The King Bees. B-sida vart òg gjeven ut av Paul Revere and the Raiders som «Louie, Go Home» i 1964.

Bowie byta til The Manish Boys for den andre singelen (spor 3-4). I februar 1965 byta han igjen til The Lower Third (spor 5-13). For den tredje singelen hadde han òg endra namn til Davy Jones. For å unngå forveksling med bandmedlemmet i The Monkees, kalla han seg David Bowie før den fjerde singelen hans kom ut.

Ein krangel om pengar enda forholdet hans med The Lower Third den 28. januar 1966. For den femte singelen (spor 14-15) slo han seg saman med The Buzz, som ikkje står oppført på utgjevinga. Bowie var misnøgd med konsertane med bandet, og dei vart erstatta av studiomusikarar på den sjette singelen hans (spor 16-17).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom «Liza Jane» av Leslie Conn, «Louie, Louie Go Home» av Mark Lindsay og Paul Revere, «I Pity the Fool» av Deadric Malone.

Nr.TittelOpphavLengd
1.«Liza Jane»spelt inn mai 1964; singel A-side utgjeven 5. juni 19642:18
2.«Louie, Louie Go Home»singel B-side utgjeven 5. juni 19642:12
3.«I Pity the Fool»spelt inn 15. januar 1965; singel A-side utgjeven 5. mars 19652:09
4.«Take My Tip»singel B-side utgjeven 5. mars 19652:15
5.«That's Where My Heart Is»demo innspelt mai til juli 1965[2]2:28
6.«I Want My Baby Back»demo innspelt mai til juli 19652:39
7.«Bars of the County Jail»demo innspelt mai til juli 19652:07
8.«You've Got a Habit of Leaving»spelt inn juli 1965; singel A-side utgjeven 20. august 19652:31
9.«Baby Loves That Way»singel B-side utgjeven 20. august 19653:02
10.«I'll Follow You»spelt inn juni-juli 19652:02
11.«Glad I've Got Nobody»spelt inn juni-juli 19652:31
12.«Can't Help Thinking About Me»spelt inn 10. desember 1965; singel A-side utgjeven 14. januar 19662:47
13.«And I Say to Myself»spelt inn desember 1965; singel B-side utgjeven 14. januar 19662:29
14.«Do Anything You Say»spelt inn 7. mars 1966; singel A-side utgjeven 1. april 19662:31
15.«Good Morning Girl»spelt inn mars 1966; singel B-side utgjeven 1. april 19662:14
16.«I Dig Everything»spelt inn 5. juli 1966; singel A-side utgjeven august 19662:44
17.«I'm Not Losing Sleep»singel B-side utgjeven august 19662:52

Plateselskap: Vocalion Pop (spor 1-2); Parlophone (spor 3–4, 8-9); Pye Records (spor 12-17).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]