Earth av Neil Young and Promise of the Real

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Earth
Konsertalbum av Neil Young & Promise of the Real
Utgjeve 17. juni 2016
Innspelt 2015
Sjanger Rock
Lengd 1:37:26
Selskap Reprise
Produsent John Hanlon & Neil Young
Neil Young-kronologi
Bluenote Café
(2015)
Earth Peace Trail
(2016)
Promise of the Real-kronologi
Something Real
(2016)
Earth


Earth er eit konsertalbum av Neil Young og Promise of the Real, utgjeve 17. juni 2016 på Reprise Records. Det vart spelt inn under Rebel Content-turneen deira i 2015 og vart produsert av Young og John Hanlon. Konsertopptaka vart fiksa på i studio, i tillegg til at det vart natur- og dyrelydar oppå opptaka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Young skildra albumet som «ei samling på 13 songar frå heile livet mitt, songar eg har skrivne om livet vårt her på planeten i lag.»[1] Albumet er miksa i lag med natur- og dyrelydar, som kalkunar, insekt, kråker og torevêr.[2] Young sa han var inspirert av dyr fordi «dei er ikkje pripne. Dei har ikkje hat eller noko slikt.»[3]

Young var med podcasten WTF with Marc Maron for å marknadsføre albumet. Under intervjuet skildra han Earth som «ein øyre-film» og ssa at han ønskte å bryte reglane for konsertopptak. Han skildra ein scene i Bram Stoker's Dracula der kameraet følgjer perspektivet til ei flygande flaggermus, og sa at dette var inspirasjonen for albumet. Han avslørte at valthornet på Earth-utgåva av «After the Gold Rush» vart henta frå originainnspelinga av songen frå 1970, som han var meint å gje ein forvrengd effekt. Han sa òg at korsongarane på Earth er profesjonelle vokalistar som hovudsakleg syng reklamejinglar, noko han meinte var eit «skarpt» val. Han bad songarane om å syngje optimistisk om Exxon og Monsanto, og «få det til å høyrast ut som ein vakker dag.»[4]

Før eit avtalt telefonintervju med Newsweek, instruerte publisisten til Young Zach Schonfeld om å lytte til albumet i Pono-tenesta hans. Young la på etter tre minutt då han meinte at Schonfeld ikkje hadde lytta til heile albumet.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic66/100[6]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Entertainment WeeklyB-[8]
Pitchfork Media6.5/10[9]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[10]
Exclaim!6/10[11]

Earth har ein samla score på 66 av 100 på nettsida Metacritic, basert på 15 meldingar. Det indikerer noko positive meldingar.[6] I den positive meldinga for AllMusic, kalla Stephen Thomas Erlewine Earth «eit av dei genuint inspirerte og galne albuma til Young» og skreiv at «dyrelydane går att gjennom heile Earth, og sluker stundom gitarane, og kvitrar stundom i lag med rytme, ein effekt som er det heilt motsette av naturleg.»[7] Pitchfork Media og Sam Sodomsky skreiv at «Ærleg talt ville albumet truleg vore betre utan dyrelydane», men skreiv òg at Earth totalt sett «er overraskande balansert og gjennomtenkt takka vere den tematiske konsistensen i låtskrivinga til Young og den lause, stødige grooven til Promise of the Real».[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young..

Plate 1
Nr.TittelOriginalutgjevingLengd
1.«Mother Earth (Natural Anthem)»Ragged Glory5:40
2.«Seed Justice»-3:58
3.«My Country Home»Ragged Glory6:02
4.«The Monsanto Years»The Monsanto Years8:20
5.«Western Hero»Sleeps with Angels4:03
6.«Vampire Blues»On the Beach5:55
7.«Hippie Dream»Landing on Water5:54
8.«After the Gold Rush»After the Gold Rush4:09
9.«Human Highway»Comes a Time4:11
Plate 2
Nr.TittelOriginalutgjevingLengd
1.«Big Box»The Monsanto Years9:20
2.«People Want to Hear About Love»The Monsanto Years5:20
3.«Wolf Moon»The Monsanto Years6:30
4.«Love and Only Love»Ragged Glory28:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Neil Young + Promise of the Real[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young - solovokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, munnspel, pumpeorgel, piano
  • Lukas Nelson - gitar, piano, korvokal
  • Micah Nelson - elektrisk gitar, elektrisk charango, korvokal
  • Corey McCormick - bassgitar, korvokal
  • Tato Melger - perkusjon
  • Anthony Logerfo - trommer

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • DRAM - ekstra vokal («People Want to Hear About Love»)
  • Nico Segal - trompet («People Want to Hear About Love»)
  • Joe Yankee - bass («Mother Earth»)
  • Bill Peterson - valthorn («After the Gold Rush»)
  • Studio korvokal:
    • Charissa Nelson
    • Windy Wagner
    • Christine Helferich Gutter
    • Suzanne Waters
    • Eric Bradley
    • Gerald White
    • Jasper Randall
    • Brian Chapman
  • Darrell Brown - studio korvokalarrangement

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young - produsent, miksing, innspelingar av dyrelydar
  • John Hanlon - producer, miksing, innspelingar av dyrelydar
  • Eric Lynn - lydteknikar, innspelingar av dyrelydar
  • Johnnie Burik - assisterande lydteknikar, innspelingar av dyrelydar
  • Tim Mulligan - live-miksing og innspeling
  • Dave Lohr - live-miksing og innspeling
  • Dana Nielsen - studio korvokal-innspeling
  • Jake Valentine - studio korvokal innspelingsassistent
  • Joey Vitas - studio korvokal innspelingsassistent
  • Billy Centenaro - studio korvokal innspelingsassistent
  • Kevin Smith - innspelingar av dyrelydar
  • Will Mitchell - innspelingar av dyrelydar
  • Chris Bellman - mastering

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

  • Gary Burden - kunstnarisk leiar og design
  • Jenice Heo - kunstnarisk leiar og design
  • DH Lovelife - Earth-logo, fotografi
  • Richard Hammar - fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Plassering
Australske album (ARIA)[12] 37
Austerrikske album (Ö3 Austria)[13] 9
Belgiske album (Ultratop Flandern)[14] 18
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[15] 38
Nederlandske album (MegaCharts)[16] 30
Finske album (Suomen virallinen lista)[17] 32
Franske album (SNEP)[18] 29
Tyske album (Offizielle Top 100)[19] 10
Greske album (IFPI)[20] 54
Irske album (IRMA)[21] 27
New Zealand Heatseekers Albums (RMNZ)[22] 2
Norske album (VG-lista)[23] 30
Svenske album (Sverigetopplistan)[24] 40
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[25] 14
Britiske album (OCC)[26] 14
US Billboard 200[27] 138

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neil Young + Promise Of The Real». Neil Young. Henta 19. mars 2019. 
  2. «Neil Young and Promise of the Real's New Album: Earth». Rolling Stone. Henta 19. mars 2019. 
  3. «5 Things We Learned at Neil Young's 'Earth' Album Preview». Rolling Stone. 7. mai 2016. Henta 19. mars 2019. 
  4. «Episode 717 - Neil Young». Henta 19. mars 2019. 
  5. Schonfeld, Zach (1. juli 2016). «Neil Young hung up on me». Newsweek. Newsweek. Henta 19. mars 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Reviews for Earth by Neil Young». Metacritic. Henta 19. mars 2019. 
  7. 7,0 7,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Earth - Neil Young, Promise of the Real - Allmusic Review». AllMusic. Henta 19. mars 2019. 
  8. Farber, Jim (20. juni 2016). «Neil Young + Promise of the Real's Earth: EW Review». Entertainment Weekly. Henta 19. mars 2019. 
  9. 9,0 9,1 Sodomsky, Sam (17. juni 2016). «Neil Young: EARTH». Pitchfork Media. Henta 19. mars 2019. 
  10. Fricke, David (16. juni 2016). «Earth». Rolling Stone. Henta 19. mars 2019. 
  11. Henderson, Stuart (29. juni 2016). «Neil Young and the Promise of the Real - Earth». Exclaim!. Henta 19. mars 2019. 
  12. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  13. "Neil Young + Promise of the Real - Earth" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  14. "Neil Young + Promise of the Real – Earth" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  15. "Neil Young + Promise of the Real – Earth" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  16. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  17. "Neil Young + Promise of the Real: Earth" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 20. mars 2019.
  18. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  19. "Offiziellecharts.de – Neil Young + Promise of the Real – Earth" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 20. mars 2019.
  20. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Greekcharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  21. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 20. mars 2019.
  22. «NZ Heatseekers Albums Chart». Recorded Music NZ. 4. juli 2016. Henta 20. mars 2019. 
  23. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  24. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  25. "Neil Young + Promise of the Real – Earth". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 20. mars 2019.
  26. "2016-07-01 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 20. mars 2019.
  27. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard 200 for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 20. mars 2019.