Hopp til innhald

Eastbourne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eastbourne
by
Land  England
Region East Sussex
Distrikt Eastbourne
Areal 44,16 km²
Folketal 101 547 (2014)
Postnummer BN20-23
Retningsnummer 01323
Kart
Eastbourne
50°45′59″N 0°17′10″E / 50.766388888889°N 0.28611111111111°E / 50.766388888889; 0.28611111111111
Wikimedia Commons: Eastbourne

Eastbourne er ein by og eit administrativt distrikt i East Sussex i England. Han marknadsfører seg sjølv som The Sunshine Coast («Solskinnskysten»), og hevdar å ha rekordmange soldagar blant britiske byar. Byen er òg kjent som ein stad der mange pensjonistar vel å busetje seg på grunn av det behagelege klimaet, men i seinare år har gjennomsnittsalderen falle etter byggeprosjekter retta inn mot unge familiar.

Eastbourne Pier i 2004.

Byen ligg rett ved South Downs, og har fleire store strender. Han er greitt tilgjengeleg frå Brighton og London, men då det lokale jernbanenettet er umoderne er det få pendlere som vel å slå seg ned der.

Strandpromenaden består nesten berre av viktorianske hotell, og ein finn ikkje glora butikkar av den typen som elles sprett opp nær strendar. Dette blir skuldast mykje av Eastbourne høyrde til hertugen av Devonshire, som ikkje tillét at bygningane vart omgjort til butikkar, og ein har halde på dette preget. Det finst òg fleire gamle festningstårn og eit fort i byen.

George Orwell gjekk mellom 1911 og 1916 på kostskule i Eastbourne, og ein meiner at han fekk inspirasjonen til Kamerat Napoleon frå ein gard i Willingdon, ein av forstadane til Eastbourne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eastbourne