Hopp til innhald

Easter Ross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Easter Ross
området
Området Ross i vest og aust
Land  Skottland
Kart
Easter Ross
57°40′05″N 4°23′42″W / 57.668°N 4.395°W / 57.668; -4.395
Wikimedia Commons: Easter Ross

Easter Ross (skotsk-gælisk Ros an Ear) er eit område i den austlege delen av statthaldarskapet Ross and Cromarty i regionen Highland i nordlege Skottland. Det har ikkje klart definerte grenser, men blir laust definert ut frå tradisjonar.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Stadar i Easter Ross er mellom anna:[1]

Piktiske steinar

[endre | endre wikiteksten]

Området har gjort mykje for å tiltrekkja seg vitjarar og turistar, blant anna for dei historiske sjåverdigheitene sine. Easter Ross var eit kjerneområde for dei skotske urfolka som heldt til her før Skottland blei eit kongerike og ein nasjon, og som snakka piktisk. Dei har etterlae seg fleire handverksmessig forsegjorte steinar. Desse monumenta kan ein mellom anna sjå ved å følgja The Pictish Trail, ‘Den piktiske ruta. Nokre av monumenta er:

  • Shandwick-steinen (skotsk-gælisk Clach a’ Charridh) nær Shandwick er eit høgreist piktisk steinmonument med ulike biletmotiv.[2]
  • Den piktiske Nigg-steinen er frå 700-talet og er i Nigg. Han er ein av dei mest forseggjorde utskorne steinane som har overlevd i Europa frå tidleg mellomalder.[3]
  • Clach Biorach, gælisk for ‘den spisse steinen’. Dette er ein piktisk stein i nærleiken av landsbyen med same namn. Den ståande steinen går opp i ein spiss og har fleire detaljerte biletscener på sidene.[4]
  1. «Explore Easter Ross» Arkivert 28. oktober 2021 på Wayback Machine., Explore Easter Ross, Highlands of Scotland
  2. «Clach a' Charridh,cross slab (Shandwick Stone) (SM1674)», Historic Environment Scotland
  3. «Clach a' Charridh,cross slab (Shandwick Stone) (SM1674)», Historic Environment Scotland
  4. «MHG8591 - Clach Biorach, Edderton, Highland Historic Environment Record»'