Easy Come, Easy Go av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Easy Come, Easy Go
EP av Elvis Presley
Utgjeve Mars 1967
Innspelt September 1966
Sjanger Rock, pop
Lengd 13:41
Selskap RCA Records
Produsent Joseph Lilley
Elvis Presley-kronologi
[[]]
(1965)
Easy Come, Easy Go


Easy Come, Easy Go er ein EP av Elvis Presley, gjeven ut i mars 1967. EP-en inneheld musikk spelt inn for filmen med same namn.

Innspelinga fann stad 28. og 29. september 1966 i Paramount Studio i Hollywood. Etter den relative fridomen i Nashville i mai det året, som førte til How Great Thou Art og andre songar som var meir i hans sak, var Presley visstnok misnøgd med kvaliteten på songane som vart valt ut for filmen, og kalla utvalet «drit» under innspelinga.[1] Det er ofte blitt rapportert[2][3] at Presley spelte inn «Leave My Woman Alone» for filmen, men at berre akkompagnementet vart spelt inn, og at Presley aldri song vokal på songen.[4][5] Sju utval vart spelt inn for filmen. Songen «She's a Machine» vart ikkje nytta i filmen, men kom ut på Elvis Sings Flaming Star året etter.[6]

Dei attverande seks songane kom ut på EP-en samstundes med premieren til filmen i mars 1967. Han gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100-lista og selde færre enn 30 000 eksemplar totalt.[7] Sidan EP-formatet ikkje lenger var eit stort marknadsmedium, og på grunn av det dårlege salet til Easy Come, Easy Go, var dette den siste utgjevinga med nye songar av Presley gjeven ut på EP-formatet.[7] De britiske utgåva toppa den britiske EP-lista, trass i at han berre inneheldt fire av dei seks songane den amerikanske utgåva hadde («The Love Machine» og «You Gotta Stop» vart fjerna).[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Easy Come, Easy Go»  Sid Wayne og Ben Weisman28. september 1966 2:07
2. «The Love Machine»  Chuck Taylor, Fred Burch, Gerald Nelson29. september 1966 2:10
3. «Yoga is as Yoga Does»  Fred Burch og Gerald Nelson29. september 1966 2:51
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «You Gotta Stop»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 1966 2:20
2. «Sing You Children»  Fred Burch og Gerald Nelson28. september 1966 2:00
3. «I'll Take Love»  Dolores Fuller og Mark Barker28. september 1966 2:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carr, Roy; Farren, Mick (1982). Elvis: The Illustrated Record. New York: Harmony Books. s. 107. ISBN 0517539799.  ISBN 9780517539798
  2. Worth, Fred L., and Tamerius, Steve D. Elvis: His Life from A to Z. New York: Contemporary Books, 1990; s. 282, 426-427.
  3. Carr and Farren, op. cit., s. 107
  4. Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 222-224
  5. Elvis Recordings.com session entry, 'No Elvis Vocal'
  6. Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 223.
  7. 7,0 7,1 Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 224.
  8. http://www.45cat.com/record/rcx7187