Eat a Peach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eat a Peach
Studioalbum av The Allman Brothers Band
Utgjeve 12. februar 1972
Innspelt Konsertopptak:
12. til 13. mars, 27. juni 1971
Fillmore East
(New York City)
Studioopptak:
September–desember 1971
Criteria Studios
(Miami)
Sjanger
Lengd 69:24
Selskap Capricorn
Produsent Tom Dowd
The Allman Brothers Band-kronologi
At Fillmore East
(1971)
Eat a Peach Beginnings
(1973)


Singlar frå Eat a Peach
  1. «Ain't Wastin' Time No More / Melissa»
    Utgjeve: April 1972
  2. «Melissa / Blue Sky»
    Utgjeve: August 1972
  3. «One Way Out / Standback»
    Utgjeve: November 1972
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert Christgau(B)[2]

Eat a Peach er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut 12. februar 1972 i USA på Capricorn Records. Etter det store gjennombrotet deira med konsertalbumet At Fillmore East (1971), byrja The Allman Brothers Band å arbeide med det tredje albumet sitt. Mange i bandet sleit med heroinmisbruk og la seg inn til rehabilitering for å få bukt med problemet. Kort tid etter han forlet rehabiliteringa, omkom gruppeleiaren Duane Allman i ei motorsykkelulukke i heimbyen Macon i Georgia, så dette vart det siste albumet med gitaristen.

Eat a Peach var ei blanding av studioinnspelingar - både med og utan Duane Allman — og konsertopptak frå dei kjende konsertane deira ved Fillmore East i 1971. Albumet inneheld den halvtimes lange «Mountain Jam», som var lang nok til å ta opp to fulle sider på den originale doble vinylutgåva. Andre høgdepunkt er vokalisten Gregg Allman si framføring på broren sin favorittsong, «Melissa» i tillegg til Dickey Betts sin «Blue Sky», som vart mykje spelt på classic rock-radio.

Plateomslaget vart laga av W. David Powell og J.F. Holmes på Wonder Graphics, og syner bandnamnet på ein ferskenlastebil, i tillegg til eit stort veggmåleri av soppar og alvar.

Albumet kom ut som eit dobbeltalbum i februar 1972 og vart raskt ein suksess. Albumet klatra til fjerdeplassen på Billboard Top 200 Pop Albums-lista. Albumet selde seinare til platina og vart eit av dei bestseljande albuma i diskografien deira.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Ain't Wastin' Time No More»  Gregg Allman 3:40
2. «Les Brers in A Minor»  Dickey Betts 9:03
3. «Melissa»  G. Allman 3:54
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Mountain Jam» (live)
  • Donovan Leitch
  • Duane Allman
  • G. Allman
  • Betts
  • Berry Oakley
  • Butch Trucks
  • Jai Johanny Johanson
19:37*
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «One Way Out» (live)
4:58
2. «Trouble No More» (live)Muddy Waters 3:43
3. «Stand Back»  
  • G. Allman
  • Oakley
3:24
4. «Blue Sky»  Betts 5:09
5. «Little Martha»  D. Allman 2:07
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Mountain Jam» (framhald; live)
  • Leitch
  • D. Allman
  • G. Allman
  • Betts
  • Oakley
  • Trucks
  • Johanson
15:06*
  • Alle CD-utgåver av albumet inneheld heile «Mountain Jam» (med ei lengd på 33:38) som det fjerde sporet.

Luksusutgåva frå 2006[endre | endre wikiteksten]

Disk ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Ain't Wastin' Time No More»  Gregg Allman 3:40
2. «Les Brers In A Minor»  Dickey Betts 9:05
3. «Melissa»  G. Allman 3:56
4. «Mountain Jam» (live)
  • Donovan Leitch
  • Duane Allman
  • G. Allman
  • Betts
  • Berry Oakley
  • Butch Trucks
  • Jai Johanny Johanson
33:41
5. «One Way Out» (live)
4:58
6. «Trouble No More» (live)Muddy Waters 3:44
7. «Stand Back»  
  • G. Allman
  • Oakley
3:26
8. «Blue Sky»  Betts 5:10
9. «Little Martha»  D. Allman 2:07
  • Spor 4 og 6 spelte inn 12. og 13. mars 1971 i The Fillmore East i New York.
  • Spor 5 spelt inn 27. juni 1971 i Fillmore East i New York.

Disk to[endre | endre wikiteksten]

Konsertopptak frå det siste Fillmore East-showet i New York den 27. juni 1971

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Statesboro Blues»  Blind Willie McTell 4:25
2. «Don't Keep Me Wonderin'»  G. Allman 3:46
3. «Done Somebody Wrong»   3:38
4. «One Way Out»  
  • James
  • Marshall Sehorn
  • Sonny Boy Williamson II
5:08
5. «In Memory of Elizabeth Reed»  Betts 12:50
6. «Midnight Rider»  
  • G. Allman
  • Robert Payne
3:08
7. «Hot 'Lanta»  
  • Duane Allman
  • G. Allman
  • Betts
  • Berry Oakley
  • Butch Trucks
  • Jai Johanny Johanson
5:51
8. «Whipping Post»  G. Allman 20:06
9. «You Don't Love Me»  Willie Cobbs 17:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

All info frå plateomslaget.[3]

The Allman Brothers Band

Produksjon
  • Tom Dowd – produsent, miksing
  • Johnny Sandlin – miksing
  • Aaron Baron – lydteknikar
  • Howie Albert – lydteknikar
  • Larry Dahlstrom – lydteknikar
  • Ron Albert – lydteknikar
  • W. David Powell – kunstverk
  • J. F. Holmes – kunstverk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Canada 100 Albums (RPM)[4] 12
US Top 200 Pop Albums[5] 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[6] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Review: Eat a Peach». AllMusic. Henta 9. september 2018. 
  2. Christgau, Robert. «Consumer Guide: The Allman Brothers Band». Henta 9. september 2018. 
  3. Eat a Peach (liner notes). The Allman Brothers Band. US: Capricorn. 1972. CPN-2-0102. 
  4. RPM (20. april 1972). «RPM Top Albums/CDs - Volume 17, No. 14, 20. april 1972» (PDF). RPM archives. (Ottawa: Library and Archives Canada). OCLC 352936026. Henta 9. september 2018. 
  5. Paul 2014, s. 172.
  6. «American album salstrofé – Allman Brothers – Eat a Peach». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH