Eau de vie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eau de vie, eau-de-vie, er ei fransk nemning for brennevin og tyder livets vatn. I Noreg har nemninga eau de vie framfor alt vore nytta om brennevin som er framstilt ved destillasjon av vin laga av druer, men som etter gjeldande lover og føresegner ikkje kan verte merka og marknadsførd som cognac. Men i Frankrike er eau-de-vie ei vid nemning som femner om alle typar brennevin, utan omsyn til kva slags råvare som er nytta. Såleis vert til dømes akevitt laga av potet, calvados laga av eple, rom laga av reststoffar frå sukkerproduksjonen, omtalt i Frankrike som eau-de-vie.

Nemninga «eau de vie» er av latinsk opphav, aqua vitæ, som likeeins tyder livets vatn. Ordbruken skriv seg frå mellomalderen, då brennevin vart utvikla av alkymistar som ynskte å finne fram til ein eliksir som skulle hindre aldring og gje eit langt liv. Brennevin teke regelmessig i små dosar vart rekna som livslengjande, og i lange tider frametter vart brennevin nytta som medisin og botemiddel for sjukdomar og lyte av mange slag. På norsk har det latinske aqua vitæ vorte til ordet akevitt og festa seg som nemninga på ein type brennevin krydra med urter, særleg karve.