Eberhart Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eberhart Jensen
Fødd22. juli 1922
Røyken
Død16. januar 2003
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkeastronom, astrofysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversity of Chicago
Universitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Eberhart Jensen (22. juli 192216. januar 2003) var ein norsk astronom.

Jensen var professor i astronomi ved Universitetet i Oslo frå 1965 til 1992. Dei vitskaplege arbeida hans var innan plasmafysikk og observasjonell og teoretisk solfysikk.

Eberhart Jensen byrja å studere realfag ved Universitetet i Oslo i 1942, men studia vart avbroten då universitetet vart stengt i 1943, og Eberhart Jensen var blant studentane som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Han vart cand.real. med hovudfag i astronomi i 1949 (rettleiaren hans var Svein Rosseland) og var deretter doktorgradsstudent ved University of Chicago med Subramanyan Chandrasekhar som rettleiar. Han fekk graden Ph.D. der i 1953. Han var universitetslektor ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo frå 1959, dosent frå 1961 og vart utnemnt til professor i astronomi 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]