Ebony and Ivory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ebony and Ivory
Singel av Paul McCartney og Stevie Wonder
frå albumet Tug of War
B-side «Rainclouds»
Utgjeve 26. mars 1982
Innspelt 1981
Sjanger
Lengd 3:42
Selskap Parlophone/EMI (Storbritannia)
Columbia (USA)
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi
«Temporary Secretary»
(1980)
Ebony and Ivory «Take It Away»
(1982)
Stevie Wonder-kronologi
«Do I Do»
(1982)
Ebony and Ivory «Ribbon in the Sky»
(1982)


«Ebony and Ivory» er ein song frå 1982 av Paul McCartney og Stevie Wonder. Songen kom ut på singel 29. mars 1982 og månaden etter på McCartney-albumet Tug of War. Songen omhandla raselikskap og gjekk til topps både i Storbritannia og i USA.[1][2] I 2013 rangerte Billboard Magazine songen på 69. plassen på lista si over tidenes hittar på Billboard Hot 100-lista.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På det enklaste nivået handlar songen om dei svarte (ebony) og kvite (ivory) tangentane på eit piano, men omhandlar òg integrering og raseharmoni på eit djupare, menneskeleg nivå. Det som inspirerte McCartney for tittelen var då Spike Milligan sa «svarte tangentar, kvite tangentar, for å skape harmoni må dei spele i lag, folkens!».[4] Talemåten er mykje eldre og vart popularisert av James Aggrey i 1920-åra, men har vore i bruk sidan minst 1840-åra.[5]

McCartney skreiv songen aleine og han vart framført live i studio av McCartney og Wonder, men dei arbeidde til forskjellige tider. Dei spelte heller ikkje inn musikkvideoen i lag samstundes, fordi dei var opptekne og ikkje fekk planane til å gå i hop (som McCartney forklarer i kommentarane for DVD-boksen The McCartney Years ).

Det vart òg laga ein musikkvideo for soloversjonen av songen.[6]

B-sida til singelen var songen «Rainclouds», skriven av Paul McCartney og Denny Laine, sjølv om dei første utgåvene av singelen berre trykte namnet til McCartney.[7]

Uttrykket «Keyboard, Oh Lord! Why Don't We?» vart nytta som tittelen på det tredje albumet til det norske stoner rock-bandet Thulsa Doom.

«Ebony and Ivory» vart forbode i Sør-Afrika av South African Broadcasting Corporation under apartheid-tida, den einaste solosongen til McCartney som vart forboden. Den offisielle årsaka var at Stevie Wonder tok i mot Oscarprisen i 1984 for beste song «til ære for Nelson Mandela».[8][9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (R 6054)
  1. «Ebony and Ivory» – 3:41
  2. «Rainclouds» – 3:47
12"-singel (12R 6054)
  1. «Ebony and Ivory» – 3:41
  2. «Rainclouds» – 3:47
  3. «Ebony and Ivory» (soloversjon) – 3:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekesliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australske Kent Music Report 2
Den austerrikske singellista[10] 3
Kanadiske CBC Top Singles[11] 1
Kanadiske RPM Top Singles 1
Den tyske Media Control-lista 1
Irish Singles Chart 1
Den japanske Oricon-lista[12] 26
Den japanske, internasjonale Oricon-lista[13] 1
New Zealand RIANZ Singles Chart 2
Den norske VG-lista[10] 1
Den spanske AFYVE-lista[14] 1
Den svenske singellista[15] 2
Den sveitsiske singellista[10] 2
UK Singles Chart[16] 1
US Billboard Hot 100[17] 1
US Billboard Adult Contemporary[17] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia[18] 20
Canada (RPM)[19] 3
New Zealand[20] 17
UK 9
US Billboard Hot 100[21] 4
US Cash Box [22] 4

Liste for alle tider[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
US Billboard Hot 100[3] 69

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 22. mai 2018. 
  2. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 22. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 Bronson, Fred (2. august 2012). «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. Henta 22. mai 2018. 
  4. Martin, George (editor): Making Music, page 62. Pan Books, 1983. ISBN 0-330-26945-3
  5. 'Master and mistress, and neighbors, and negroes assemble, and black and white are seen strung along the great table, like the keys of a piano, and, like the aforesaid instrument, the black keys make fully as much noise as the white; all mingle for a while in the utmost harmony and good feeling....' Rev C F Sturgis, 'Duties of Christian Masters to their Slaves' (1849) quoted in Breedon, James O (editor), Advice among Masters: The Ideal in Slave Management in the Old South (Westport, CT: Greenwood Press, 1980), side 262.
  6. Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium; Chip Madinger and Mark Easter; Page 266
  7. «Ebony and Ivory». JPGR. 2000. Henta 22. mai 2018. 
  8. «Stevie Wonder Music Banned in South Africa». The New York Times. 27. mars 1985. Henta 26. mai 2008. 
  9. «Mandela: South Africa's Star Attractor». The Washington Post. 25. juli 1998. Henta 22. mai 2018. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Paul McCartney & Stevie Wonder - Ebony & Ivory». norwegiancharts.com / VG-lista. Henta 22. mai 2018. 
  11. Lwin, Nanda (2000). Top 40 Hits: The Essential Chart Guide.
  12. «Paul McCartney Japanese Singles Chart listings». Original Confidence. Henta 22. mai 2018. 
  13. «Japan #1 IMPORT DISKS». Arkivert frå originalen 2015-04-21. Henta 30. august 2009. 
  14. «Sólo éxitos: año a año : 1959-2002». Salaverri, Fernando. Iberautor Promociones Culturales. Henta 22. mai 2018. 
  15. «Paul McCartney - Ebony & Ivory». swedishcharts.com. Henta 22. mai 2018. 
  16. «Chart Stats - Paul McCartney And Stevie Wonder - Ebony And Ivory». BPI. Arkivert frå originalen 2012-10-09. Henta 22. mai 2018. 
  17. 17,0 17,1 «Tug of War > Charts & Awards > Billboard Singles». allmusic. Henta 22. mai 2018. 
  18. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  19. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Henta 22. mai 2018. 
  20. «The Official New Zealand Music Chart». Henta 22. mai 2018. 
  21. «Top 100 Hits of 1982/Top 100 Songs of 1982». Henta 22. mai 2018. 
  22. «Cash Box YE Pop Singles - 1982». Henta 22. mai 2018.