Hopp til innhald

Ebrodeltaet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ebrodeltaet (katalansk: Delta de l'Ebre; spansk: Delta del Ebro) er deltaområdet til elva Ebro i det sørvestlege provinsen Tarragona i Catalonia i Spania. Deltaet ligg ved Middelhavet og blir stundom rekna som det nordlegaste punktet av Valenciabukta. I Ramsar-registeret er området oppført på 40°43′N 0°44′E.

Rismarker i Ebrodeltaet
Frå ei strand ved Ebrodeltaet
Fiske ved Ebradeltaet

Ebrodeltaet er eitt av dei største våtmarksområda i den vestlege delen av Middelhavet, med eit areal på om lag 320 km². Deltaet har vakse raskt gjennom avleiring av lausmassar som elva har ført med seg frå innlandet. Den historiske byen Amposta, som var ein hamneby alt på 300-talet, ligg i dag eit godt stykke frå elvemunninga, noko som viser kor mykje deltaet har ekspandert gjennom tidene.

Den avrunda forma til deltaet viser balansen mellom sedimenttilførselen frå Ebro og erosjonen frå bølgjer og straum. Ved hovudløpet av elva finst fleire elveøyar som vernar området mot havet, mellom anna Illa de Buda, Illa de Sant Antoni og Illa de Garxal.[1]

I 1993 vart 7 736 hektar av Ebrodeltaet innlemma i Ramsarkonvensjonen som eit våtmarksområde av internasjonal tyding.[2] Konvensjonen anerkjenner slike område for deira økologiske, økonomiske, kulturelle, vitskaplege og rekreasjonsmessige verdi.[3]

Store delar av deltaet har blitt drenert for jordbruk gjennom fleire hundreår. I dag blir området intensivt nytta til dyrking av ris, frukt - særleg sitrusfrukt) og grønsaker. Risprodusentenes samvirke i Ebrodeltaet har ein produksjonskapasitet på kring 45 000 tonn ris årleg, fordelt på 14 sortar dyrka på 22 000 hektar.[4]

Samanlikna med dei store spanske risområda i Andalusia og Extremadura er avlingane i Ebrodeltaet meir stabile på grunn av jamn vassforsyning.[5]

Eit nettverk av kanalar og vassvegar, bygd av både jordbruks- og miljøorganisasjonar, bidreg til å halde ved lag både dei økologiske og økonomiske ressursane i området. Den framande arten sebramusling (Dreissena polymorpha) har spreidd seg gjennom deltaet og oppover Ebro, der han utgjer ein trussel mot lokale artar gjennom konkurranse og rask reproduksjon.[6]

I 1983 verna Spania store delar av deltaet som Parc Natural del Delta de l’Ebre (Ebrodeltaet naturpark), med eit totalareal på 7 802 hektar. Naturparken vernar våtmarker, strender, saltsumpar, estuar og marskland som gjev viktige leveområde for mange artar.[7][8]

Området har internasjonal betydning for åtte planteartar og 69 artar av ryggstrengdyr. Det finst kring 95 hekkande fugleartar, og parken er særleg viktig for meir enn 300 artar av trekkande og overvintrande fuglar, i år 2000 anslagsvis 250 000 fuglar.[9] Ebrodeltaet er ein sentral rasteplass for store mengder vassfugl. Rundt år 2000 var det registrert nær 60 000 hekkande par av vassfuglar, inkludert måsar og terner.[9]

Området huser òg verdas største koloni av middelhavsmåse (Ichthyaetus audouinii). I 2006 vart det registrert meir enn 15 000 hekkande par.[10]

Klimaendringar fører til auka erosjon frå havet og stigande grunnvassnivå av saltvatn. Samstundes har demningar oppstraums redusert mengda av sediment som når deltaet. Desse endringane påverkar biologisk mangfald og jordbruksverksemd i området negativt.[11]

Referansar
  1. Nienhuis, Jaap H.; Ashton, Andrew D.; Kettner, Albert J.; Giosan, Liviu (25. september 2017). «Large-scale coastal and fluvial models constrain the late Holocene evolution of the Ebro Delta». Earth Surface Dynamics (på engelsk) 5 (3): 585–603. ISSN 2196-632X. doi:10.5194/esurf-5-585-2017. hdl:1912/9363.
  2. «Delta del Ebro». Ramsar Sites Information Service. Henta 25. april 2018.
  3. Ramsar Sites Database Arkivert 2008-07-14 ved Wayback Machine.
  4. «Ebro Delta Rice». catalunya.com. Catalunya. Henta 18. oktober 2018.
  5. «Europe § Geographical features and major cultivation constraints». ricepedia.org. Ricepedia. Arkivert frå originalen 15. mai 2021. Henta 12. oktober 2025.
  6. Rodríguez, D; Morales, J; Flechoso, F; Sánchez, JA; Negro, A; Lizana, M (2017). «On the distribution and general abundance of non-native species associated with the Ebro river (Castejón, Navarra, NE Spain)». Russian Journal of Biological Invasions (Springer) 8: 189–196. doi:10.1134/S2075111717020072.
  7. Curcó, Antoni; Ibàñez, Carles; Day, John W; Prat, Narcís (2002). «Net primary production and decomposition of salt marshes of the Ebre Delta (Catalonia, Spain)». Estuaries (Springer) 25: 309––324.
  8. Ebro.info: Ebro Delta Natural Park Vitja 12. oktober 2025
  9. 1 2 Mañosa, Santi; Mateo, Rafael; Guitart, Raimon (2001). «A review of the effects of agricultural and industrial contamination on the Ebro delta biota and wildlife». Environmental Monitoring and Assessment (Springer) 71: 187––205.
  10. BirdLife International. (2020). «Larus audouinii». IUCN Red List of Threatened Species 2020. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22694313A183584708.en.
  11. Nathan Siegel (5. juli 2023). «Can Spain keep the rising sea from washing away a critical delta?». Mongabay. Henta 7. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ebrodeltaet