Ecuador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República del Ecuador

(norsk: Ecuador, ecuadoriansk)

Det ecuadorianske flagget Det ecuadorianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Salve, Oh Patria»
Motto spansk:La Paz y el Bienestar, la Gloria y el Triunfo
Geografisk plassering av Ecuador
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Quito
Styresett
Republikk
Rafael Correa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
283 561 km² (73.)
8,8 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
15 223 680 (66.)
53,7 /km² (124.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Spania
24. mai 1822
Nasjonaldag 10. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
114 700 mill. USD (64.)
8 000 USD (99.)
Valuta Amerikansk dollar2
Tidssone UTC -5 og UTC -6 (Galapagos)
Telefonkode +593
Toppnivådomene .ec

1Inkluderer Galapagos.
2Sucre fram til 2000.

Ecuador er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Samanlikna med europeiske land er Ecuador litt mindre enn til dømes Italia. Folkesetnaden i landet er prega av etnisk mangfald med ca 65 % mestisar og ca 25 % urfolk (CIA faktabok [3]). Urfolket er ei samling av mange ulike grupper av indianarfolk kor majoriteten snakkar ulike dialektar quechua. Spansk er offisielt språk i landet. Økonomien i landet er påverka av fluktuasjonar i råoljepris. På siste halvdelen av 1990-talet var landet prega av politiske og økonomiske kriser. Etter at inflasjonen nådde 60 % i 1999 innførte styresmakta amerikanske dollar som offisiell valuta frå mars 2000. Frå då av blei også økonomien stabilisert. Geografisk og klimatisk er landet tredelt i ei varm kystsone, eit mildt høgland og ein våt og varm regnskog. Petroleum, fisk, tømmer og vasskraft er viktige naturressursar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kratersjøen Quilotoa

Landet ligg på vestkysten av Sør-Amerika, under ekvator som òg forklarer namnet åt landet. Ein deler landet grovt inn i tre soner: høglandet Andes, la Sierra deler landet på langs, i vest har ein kystområdet, la Costa og i aust det lågtliggande området dekt av regnskogen i Amazonas, el Oriente. Galápagosøyane er ein del av Ecuador. Kystområdet er fruktbart om enn varmt av di det ligg lågt. I sør finn ein hamnebyen Guayaquil ved utlaupet av Rio Guayas. Høglandet strekkjer seg midt gjennom landet frå nord til sør kring 2500 moh. og har ein moderat temperatur. I høglandet finn ein provinshovudstadane Quito, Ambato og Cuenca. Mange av fjella her er delvis aktive vulkanar som når til 5 – 6000 moh. Blant desse er Chimborazo på 6310 moh. det høgste fjellet i Ecuador. I høglandet ligg det fleire kratersjøar, for eksempel Quilotoa, 35 km vest for Latacunga. El Oriente, (austen) det ecuadorianske namnet på amazonasområdet, ligg lågt, her er fuktig og varmt, alle elvane her drenerer til Amazonaselva. Dei viktigaste elvene er Napo, Coca, Pastaza, Putumayo og Aguarico. Ei fjerde sone Galapagosøyane, ligg ca 1000 km ut i Stillehavet, er kjent for plante- og dyreliv med mange endemiske artar.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Provinsane i Ecuador.
Kart over Ecuador med markering av dei største byane. Landegrenser: totalt 2010 km, av dette 590 km mot Colombia og 1420 km mot Peru. Kystlina er 2237 km.

Ecuador er delt inn i 22 provinsar (provincias):

La Sierra


Galápagosøyane (Puerto Baquerizo Moreno)

La Costa


El Oriente

Areal[endre | endre wikiteksten]

  • totalt: 283 560 km² inklusive Galápagosøyane
  • landareal: 276 840 km² av dette er 5560 km² (1994) dyrka land.
  • vatnareal: 6 720 km²

Fordeling av arealet er:

  • dyrkbart land: 6%
  • korn og anna nyttevekstar: 5%
  • grasland: 18%
  • skog: 56%
  • anna areal: 15% (1993)

Byar[endre | endre wikiteksten]

  • Hovudstaden: Quito (folkesetnad på 1,8 millionar i 2004)
  • Andre byar, tal frå Lonely Planet si bok frå 2001:

Region: La Costa[endre | endre wikiteksten]

Kystområdet er ei opp mot 100 kilometer brei lågtliggande stripe av landet avgrensa av Stillehavet i vest og foten av Andesfjella i aust. Opphavleg var landet her skogkledd også med mangroveskog, men no har jordbruk tatt over med bananplantasjar, kakao- og kaffifarmar. Mangroveskogen er i stor grad fjerna for å gje plass til oppdrettsanlegg for reker, ofte i illegal verksemd. Langs kysten finst fine strender, men òg viktige hamner. Hamna i Balao i Esmeraldasprovinsen er eksporthamn av råolja som er frakta i røyrer frå nordre del av Oriente. Kysten har regntid frå desember til mai. I motsetnad til Peru har ikkje Ecuador ørken i kystområdet.

Region: La Sierra[endre | endre wikiteksten]

Chimborazo sett frå nordvest.
Foto: André Hübner.

Høglandet er eit belte gjennom det sentrale Ecuador frå nord til sør og reknast som ein del av Andesfjella. Fleire av områda er avskoga for jordbruksføremål, andre område ligg i ei sone som er kjenneteikna av tåkeskog. Lengst nord i Ecuador er Andes to parallelle fjellkjeder (spansk cordilleras) som strekkjer seg i ei S-form mot sør. Dei vert kalla vestre og austre cordilleras. Lengst sør er dei ikkje distinkte. Fjellkjeda blei danna tidleg i kenozoikum, nyare geologisk æra, då Nazcaplata blei subdusert under Sør-Amerika-plata og fjellområda reiste seg.

Fjell og vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Ecuador har 20 vulkanar på fastlandet og 10 på Galápagosøyane. Fem av desse er nord for ekvator, også med Cayambe som den høgste vulkanen på den nordlege halvkule. 8 vulkanar i Ecuador er over 5000 meter, med Chimborazo på 6310 moh. som den høgste. Han kjem likevel berre på plass nummer tjue på lista over høgste vulkanar i Sør-Amerika. Det er utvikla turisme basert på fotturar og klatreturar på vulkanar. Cotopaxi er lett tilgjengeleg frå Quito og kan vere vulkanen med flest oppstigingar.

Namn på vulkanen Geodetiske koordinatar Høgd over havet (moh.) Utbrot eller gassutslepp
Cayambe 0.029 N, 77.986 W 5790 aktiv
Reventador 0.07 S, 77.65 W 3562 2005
Guagua Pichincha 0.171 S, 78.598 W 4784 2004
Antisana 0.48 S, 78.14 W 5753 1802
Illiniza Sur 0.659 S, 78.714 W 5248 kviletilstand
Cotopaxi 0.667 S, 78.43 W 5911 1904
Chimborazo 1.467 S, 78.8 W 6310 utdøydd
Tungurahua 1.467 S, 78.442 W 5016 2006
Altar 1.67 S, 78.42 W 5319 2000
Sangay 2.03 S, 78.34 W 5230 2005

Liste over dei 8 høgste vulkanar i Ecuador over 5000 moh. pluss 2 kjende aktive ordna frå nord til sør. Der finst òg to andre toppar over 5000 moh. som er systertoppar til Illiniza Sur og Chimborazo.

Region: El Oriente[endre | endre wikiteksten]

Geografisk samsvarar regionen Oriente med dei seks austlegaste provinsane i landet. Dette er mest av alt tropisk regnskog og ein del av regnskogen i Amazonas. Vest for Oriente ligg Andesfjella eller regionen Sierra. Oriente er lågtliggande, det meste av arealet ligg mellom 200 og 800 moh., mens vestre del av Pastazaprovinsen ligg og noko høgare med provinshovudstaden Puyo på nesten 1000 moh. og i grenseområda mot Andes stig høgda raskt. Klimaet er mykje varmt og fuktig. Det er mindre variasjonar over årstida, perioden frå april til juni kan vere våtast, men her er òg lokale variasjonar. Ein finn to store nasjonalparkar i Oriente, Cuyabeno og Yasuni. Den sistnemnde ligg lengst aust i Pastazaprovinsen og Orellanaprovinsen mot Peru. Petroleumsverksemda i Ecuador går føre seg i Oriente og skaper naturleg nok konfliktar med folkegrupper som ikkje kan greie seg utan dei sårbare økologiske system i regionen. I 1998 underteikna presidentane i Ecuador og Peru ei endeleg fredsavtale som gjorde slutt på ein nær 200 år gamal grensekonflikt mellom dei to landa i Oriente.

Notar geografi[endre | endre wikiteksten]

  • Toppen av Chimborazo er det høgastliggande punkt i verda om ein måler frå jordsenteret.
  • Stadige jordskjelv, jordras, vulkansk aktivitet, periodiske flaumar er ei belasting for kommunikasjon og økonomi.
  • El Niño gjer stor skade for fiskeri og anna verksemd i kystområdet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei nordlegaste kystområda får godt over 1000 mm nedbør i året. Lenger sørover på kysten kjem det derimot mykje mindre, og Manta får mindre enn 300 mm, men det kjem ein del meir innanfor kysten. Kystområda rundt Guayaquilbukta får derimot ein del meir nedbør og fukt enn dei andre sørlege kystområda. Her har ein regnbyger om lag kvar dag frå januar til mars, men veldig lite mellom juni og november. El Niño kan derimot føre til store nedbørsmengder over heile landet, og i 1982-83 fekk Guayaquilområdet meir enn det dobbelte av dei normal årsmengdene. Høglandet i dei nordlegaste Andesfjella er kjølig om natta og forholdsvis mild om dagen, og ein har ofte ettermiddagsbyger her frå september til mai. Dei austlege områda av Andesfjella og kjeldene til Amazonas er derimot våte året rundt, men dei største mengdene kjem i juli og august, då resten av Ecuador er på sitt tørraste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå og ecuadoriansk historie.

Dei eldste buplassar i landet er funne nær Quito og er rekna å vere ca 10 000 år. På kysten har ein funne spor av kulturell aktivitet med spesialisert produksjon og arbeidsdeling som er ca 5500 år gamle og kan vere det eldste funn av slik aktivitet i heile Sør-Amerika.

Den første statsdanninga i området kom ein gong på 1300-talet i Quito. Ein av dei nyare kraftfulle kulturar voks opp på høglandet var cañarikulturen, kulturen kom fram mot starten av 1400-talet.

Ecuador er rekna som ein del av inkariket då riket hadde si største utbreiing. Men berre Sierra-regionen var fullt integrert og det kom stadige oppblømingar av opprør fram til spanjolane tok makta. Inkaene si erobring av Ecuador starta ca år 1455, var brutal og tok om lag 50 år. Cañarifolket var dei sterkaste opponentane til inkaene. Inkastaten tok med seg språket quechua, nye dyrkingsmetodar, lama pakkdyr, vegbygging og anna. Ingapirca er det viktigaste byggingsmonument i Ecuador frå inkatida.

Etter at spanske conquistadorar hadde erobra sørlege del av inkariket sette det inn eit spanske erobringstokt mot Ecuador frå sør med assistanse frå styrkar frå cañari og Quito fell i 1534. Området kom inn under visekongedømmet Peru. På 1600-talet opplevde økonomien i landet framgang med bruk av innfødde som arbeidskraft i tekstilindustrien.

I 1822 vart Ecuador frigjort frå Spania og kom inn i ein føderasjon kalla Storcolombia som berre varte til 1830. Frå då av hadde Ecuador sjølvstende, men den sameinte nasjonen var enda ikkje bygd.

Det frie Ecuador har vore prega av vald og ustabilitet. I hovudsak har ein observert ei polarisering mellom eit liberalt forretningsorientert Guayaquil og ein konservativ elite av kreolar i Quito. Rundt første hundreårskifte kom ei liberalistisk rørsle over landet med revolusjonære omveltingar. Om litt vart kyrkje og stat skilt frå kvarandre, det vart innført ytringsfridom og religionsfridom, monopol som bruk av indiansk arbeidskraft vart broten.

I 1941 okkuperte Peru store delar av Oriente, Ecuador måtte gje frå seg ca 137 tusen kvadratkilometer for ei fredsslutting, men striden vart ikkje løyst før ein endeleg fredsavtale kom i stand i 1998.

Frå 1948 kom ei oppgangstid med bananboomen. Han førte med seg større grad av stabilitet fram til ca 1960. Frå 1979 har ein hatt demokratisk valt leiarskap i landet, resultat har vore omveltingar i politikk og byråkrati, og ingen større grad av stabilitet. Vekst i oljeinntekter på starten av 1970-talet førte med seg store opptak av utanlandske lån og ei gjeldskrise på 1980-talet.

Den siste valte presidenten Lucio Gutiérrez vart tvungen til å trekkje seg og gjekk i eksil i april 2005. I oktober kom han tilbake til Ecuador kor han straks blei arrestert. Alfredo Palacio var visepresident under Gutiérrez og sat i presidentembetet fram til valet i oktober og november 2006. Den 26. november sigra Rafael Correa over Alvaro Noboa med 56,8 % av røystene, og Correa er no president i Ecuador.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Den ecuadorianske folkesetnaden representerer eit pluralistisk samfunn, men det er ikkje mogleg å fastsetje sikre tal for prosentvis fordeling mellom hovudgrupper av etnisitet i landet. Grunnen er mest av alt flytande grensedragning mellom grupper med opphav frå indianarar og frå mestisar, sistnemnde ei blanding av amerikanske urfolk og kreolar. Det igjen kan forklarast ut frå at grensene er meir basert på sosiale forhold enn rase. CIA faktabok[1] oppgjev fordelingstala ca 65 % mestisar og ca 25 % urfolk medan PAHO [2] oppgjev 72 % mestisar, 15 % kvite, 6 % indianarar, 4 % svarte og 2 % mulattar. I dag finst ti ulike grupper av urfolk i landet som framleis gjer krav på eigen nasjonalitet, språk og kultur. Ei av gruppene, den største, kallar seg quichuaer, mange av dei nyttar i nokon monn quechua-dialektar, og denne gruppa kan vere ei samansmelting av tidlegare ulike etnisitetar. Namna på dei ti gruppene av urfolk er:

Samla sett utgjer alle i dei ti gruppene 25–30 % av all folkesetnaden i landet, men totalt vil enda større del av folket sjølv rekne seg som etterkommarar av amerikanske urfolk, indígenas, kanskje over 50 %.

I førkolumbisk tid var Ecuador eit område i Sør-Amerika med stor tettleik i folkesetnaden og stort mangfald i etnisitet, språk og kultur. Dette kom til å endre seg alt i den relativt korte perioden under inkariket då quechua fekk utbreiing og ein fekk nedgang i folkesetnaden blant dei som var i opposisjon til styret, til dømes cañarifolket. Mot slutten av perioden var det òg ein generell tilbakegang i folkesetnaden grunna epidemiar. Under inkatida blei folkesetnaden i Sierra-regionen utsett for ein sentralisert kontroll og organisering, vegnettet hjelpte til for kommunikasjonar og ein første urbanisering kom i gang. Då spanjolane kom levde for eksempel 2–300 000 i Otavaldoområdet, mange av dei i byar.

Under hacienda i den spanske kolonitida oppstod det eit einsarta rasistisk klassesystem kor kvite hacendados åtte all jord og alle produksjonsmidlar, dei kvite dominerte handelen, kyrkja og statsadministrasjonen, og dei innfødde stod i skuld til hacendados. På 1500-talet endra dette lite på demografien, folkesetnaden var framleis konsentrert i høglandet, men seinare på 1700- og 1800-talet kom det ei sterkare utvikling i Costa-regionen. Alt i alt har ein etter ca 1700 sett migrasjon frå høglandet til Costa og i mindre grad til Oriente, til det kjem sesongmessig migrasjon til plantasjar på kysten. Provinsar i høglandet som Imbabura, Pichincha og Cotopaxi i nord vart styrkte saman med Azuay (Cuenca) og Loja i sør. Etter oppgang med kaffiplantasjar og særleg etter bananboomen utover 1950- og 1960-talet vart det ein oppsving i Manabí, Guayas og El Oro. Fleire tidlegare kulturar i Costa-regionen og Sierra forsvann og smelta saman til ein «quichuakultur».

Ei større endring i folkesetnaden kom med oljeinntektene på 1970-talet. Inntektene førte med seg industrialisering, bygging av infrastruktur og styrking av dei største byane. Det gjekk òg føre seg ein viss migrasjon til Oriente-regionen kor petroleumsførekomstane finst. Byar som Santo Domingo og Puyo i Oriente voks. Utviklinga kan eksemplifiserast med tal: ca 1950 budde ca 25 % av folkesetnaden i byar, i 1981 var talet auka til 51 %, av det 25 % i byane Quito og Guayaquil til saman. Det har også skjedd ein urbanisering som kan forklarast med økonomisk utvikling for jordbruksentra. Machala og Manta er døme på slike byar.

Ulempa med urbanisering i store byar som Quito og Guayaquil er at folkeveksten overgår framvekst av infrastruktur for drikkevatn, elektrisitet og helsetenester og det følgjer med dårlege sosiale tilhøve.

I dag er dei ca 13,5 millionar innbyggjarane i Ecuador grovt rekna fordelt på ca halvparten i Costa-regionen, 45 % i Sierra-regionen og 5 % i Oriente. Mellom ein og to millionar nyttar quechua, men mange av desse er tospråklege og spansk vinn fram med urbaniseringa. I dei siste åra har ein sett at relativt mange ecuadorianske borgarar har migrert til Sambandsstatane og til Europa, særleg Spania og Italia. Mellom 1996 og 2001 reiste 378 000 [4] for å arbeide i utlandet, meir enn 8 % av dei som arbeider i Ecuador. Føremonen for landet er at mange av desse fører inn framand valuta til Ecuador, frå 2000 til 2002 vart det overført årleg USD 1,4 milliardar til Ecuador, [5] etter petroleumsinntektene representerte dette største innteninga av hard valuta for landet og har ført med seg betre levekår for dei som er igjen i landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ecuador