Ed, Edd n Eddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ed, Edd n Eddy
Norsk tittel: Ed, Edd og Eddy
Ed, Edd n Eddy.svg
Typefjernsynsserie
SjangerSlapstick, komiserie
OpphavslandCanada, USA
Introduksjonsår1999
Sesongar6
Episodar70
Lengd22 min.
SpråkEngelsk
SkaparDanny Antonucci
RegiDanny Antonucci
Periode4. januar 1999–
8. november 2009
KanalCartoon Network

Ed, Edd n Eddy (norsk tittel: Ed, Edd og Eddy) er ein kanadisk-amerikansk animert komiserie skapt av Danny Antonucci for Cartoon Network. Serien er den sjette i Cartoon Cartoons-serien til kanalen og handlar om dei tre gutane Ed, Edd (kalla «Double D» for å unngå blanding med Ed) og Eddy, som bur i ein cul-de-sac i ein forstad til den fiktive byen Peach Creek. Trioen kjem stadig opp med påfunn for å tene pengar frå jamaldringar til å kunne kjøpe yndlingsgodteriet sitt, jawbreakers. Planane deira slår vanlegvis feil, som gjer at dei endar opp i ulike, ofte pinlege, kniper.

Teiknefilmskaparen Antonucci kom på Ed, Edd n Eddy medan han designa ein reklamefilm. Han la fram ideen om serien til Cartoon Network og Nickelodeon, men sistnemnde kravde kunstnarisk kontroll. Dette gjorde at han signerte avtale med Cartoon Network og serien hadde premiere 4. januar 1999.[1] I løpet av sendeperioden vart fleire spesialepisodar og kortfilmar produserte i tillegg til vanlege episodar. Serien avslutta med ein fjernsynsfilm, Ed, Edd n Eddy's Big Picture Show, som vart promotert som «the final episode ever» og send 8. november 2009.[2]

Ed, Edd n Eddy fekk hovudsakleg positive omtalar frå kritikarar og vart ein av dei mest vellukka originale programma frå Cartoon Network. Serien vann ein Reuben Award og to Leo Awards, og var nominert til fire andre Leo Awards, ein Annie Award og to Kids' Choice Awards. Han tiltrekte eit publikum på 31 millionar husstandar, var send i 120 land[3] og viste seg å vere populær hjå barn, tenåringar og vaksne. Ed, Edd n Eddy er den hittil lengstvarande originale serien frå Cartoon Network, med ein sendeperiode på nesten elleve år.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danny Antonucci. (10. oktober 2006). Ed, Edd n Eddy: The Complete First Season—Interview with the Creator. Warner Home Video. Hendinga skjer ved 0:22–2:34. 
  2. Bynum, Aaron H. (25. april 2007). «CNs "Best Day Edder"». Animation Insider. Arkivert frå originalen 21. februar 2013. Henta 31. januar 2020. 
  3. «It's 20 Years Since 'Ed, Edd n Eddy' Was First Released». www.ladbible.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 8. august 2019. Henta 31. januar 2020. 
  4. Kapko, Matt (16. november 2009). «Ed, Edd 'n Eddy's Big Picture Show Premiers in the U.S.». Animation World Network. Arkivert frå originalen 7. februar 2010. Henta 31. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ed, Edd n Eddy