Ed Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ed Mann
EdMann Budapest2007-fotoFelvegiAndrea.jpg
Fødd14. januar 1954 (65 år)
OpphavUSA
Aktiv1975 til i dag
Sjangerrock, jazz, Verdsmusikk
Instrumentklubbeperkusjon, elektronisk klaverinstrument
Tilknytte artistarFrank Zappa
PlateselskapCMP
Verka somMusikar, komponist, plateprodusent

Ed Mann (fødd 14. januar 1954) er ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som perkusjonist i bandet til Frank Zappa frå 1977 til 1988, og han spelte på over 30 album av Zappa, inkludert studio- og konsertopptak. Mann har òg gjeve ut fleire soloalbum som bandleiar og komponist.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mann danna eit band med Tommy Mars i midten av 1973. Mot slutten av året studerte han med John Bergamo ved CalArts. I 1977 spurte Frank Zappa Bergamo om å legge på nokre ekstra lydspor på Zappa In New York og Bergamo tilrådde Mann.

Nokre månader seinare fortalte Ruth Underwood Mann at Zappa såg seg om etter ein ekstra klaverspelar. Då Ed ringde for å tilrå Tommy Mars(«ved midnatt, det einaste tidspunktet det var mogeleg å nå Frank på telefon»), inviterte Frank han heim til seg. Mann gjekk heim til han, der Terry Bozzio, Patrick O'Hearn og Adrian Belew jamma i lag med Zappa. Kl 02 på natta var Mann med i bandet.

Ein kan høyre Mann spelte gongJ21-albumet Yellow Mind:Blue Mind.

Mann er medlem av The Band From Utopia. I 2008 turnerte Ed Mann med Project Object og spelte med Agent Moosehead på New York Harvest Festival and Freedom Rally.

Diskografi med Zappa[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå Mann spele i Zappa-filmane Baby Snakes, Dub Room Special & Video From Hell.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Get Up (1988)
  • Perfect World (1991)
  • Global Warming (1994)
  • Have No Fear (1997)
  • (((GONG))) Sound Of Being (1998)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]