Eda glasbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eda glasbruk er ein tettstad i Eda kommun i vestre Värmland i Sverige, tett på riksgrensa mot Noreg. Tettstaden har fått namnet etter det glasverket (glasbruket) som låg her tidlegare. Folketalet 31. desember 2010 var 233.

Eda glasbruk er i dag eit handelssentrum som lever av grensehandel med Noreg. I 2005 og 2006 vart det opna to kjøpesenter her, EuroCash og Eda Supermarket. Dette førte til at Sveriges eldste landhandel, Eda Brukshandel, vart tvinge til å legge ned verksemda på grunn av den auka konkurransen.

Glasverket vart skipa i 1830 av Carl Christopher Lampa og Lars Wilhelm Ahlbom, som bygde eit glasverk i Emterud. Produksjonen tok til i 1835, men allereie i 1842 vart verksemda lagt ned. Nye eigarar tok over og sette i gang med tilverking av flasker, småglas og glas til vindauge. Produksjonen av glas til vindauge vart flytta i 1862 til ein filial i Surte, medan verket i Eda auka verksemda til òg å femne produksjon av glas til apotek og pressa og blåste drikkeglas med slipt, gravert og måla dekor. I 1896 vart det skipa eit filialverk i Magnor i Noreg som fekk namnet Geijersfors Glassverk, som produserte glasvarar for Eda Glasbruk fram til 1917. Glasverket i Magnor er framleis i drift som ei sjølvstendig verksemd under namnet Magnor Glassverk AS.

Ikring sekelskiftet 1900 var glasverket i Eda eit av dei tre største i Sverige, med ein stor produksjon av fyrst og fremst drikkeglas og hushaldsglas. På 1910- og 1920-talet vart det laga både særs fine og elegant slipte krystallprodukt og billegare pressglasprodukt. Frå 1925 til 1930 vart pressglasprodukta gjerne gjeve eit gullglinsande oksydsjikt. Dette såkalla lysterglaset står i dag høgt i verde. Ei stutt tid i 1905 vart jamvel blåst glas gjeve ein slik glans.

I perioden 1927 til 1933 vart glasverket drive av Edvard og Gerda Strömberg. Gerda Strömberg var ein dristig i formgjevar som tok i bruk geometrisk former, planslipte flater og rolege fargar.

Glasproduksjonen vart lagt ned i 1933, men arbeidarane på verket skaffa ny kapital og kunne i 1935 ta opp att produksjonen i samarbeid med Kooperativa föreningen i Charlottenberg. Verket hadde no berre 100 tilsette, medan det tidlegare hadde vore ikring 300. Det vart produsert drikkeglas og tunge, tjukke vasar og skålar i 1930-talets brunlege motefargar, ofte med svart farge på foten. Men i 1940 måtte verket leggjast ned på grunn av skort på materialar og arbeidskraft som fylgje av den andre verdskrigen i Europa og den såkalla beredskapstid som då rådde i Sverige. I 1943 kunne Birger Eklund frå Trelleborg likevel take opp att verksemda. Det vart produsert pressa hushaldsglas og ei mengd ulike graverte og måla vasar og skåler, og mørkeblått glas med sølvmåling var mellom dei mest populære produkta.

I 1953 vart glasverket i Eda lagt ned for godt på grunn av konkurransen frå andre land. I dag finst det ikkje noko att av fabrikkbygningane, då desse vart rivne sommaren 2005 for å gje plass for kjøpesenteret Eurocash.

Glasverket er mest kjent for lysterglaset sitt frå 1920-talet, Gerda Strömbergs glas frå byrjinga av 1930-talet, som av mange vert rekna som det beste som er lagd ved verket, og det mørkeblå glaset med sølvmålingar frå 1950-talet.

Sjåverde[endre | endre wikiteksten]

  • Eda Glasmuseum
  • Stora Bron, som på folkmunne er namnet på den steinkvelvbrua som vart bygd over Vrångselva i Eda Glasbruk i 1851, og som ligg like ved den tidlegare Eda Brukshandel. Rekkverket på brua var opphavleg laga med stolpar av støypejarn med smidde jernstenger mellom stolpane, men er i dei seinare åra forsterka med vanleg vegrekkverk. Brua var ein del av riksväg 61 fram til denne vegen vart flytta på 1980-talet.
  • Musikkpaviljongen i tilknyting til Eda Glasbruk og Arbetarebostäderna (arbeidarbustadene). Paviljongen vart sett opp i disponent Falck si tid ved bruket, og ligg rett sør for den gamle steinkvelvbrua som visstnok skal vere "Den äldsta stenbron mellan Stockholm och Oslo". Brua er med på gamle kart frå midten av 1600-talet, og var eit knutepunkt mellom Sverige og Noreg og vegen opp mot Emterud og Helgeboda.

Folketalsutviklinga[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutviklinga i Eda glasbruk 1960-2010[1]
År Innb. Areal
1960
  
311
1965
  
272
1970
  
275
1975
  
215
1980
  
242
1990
  
234 84
1995
  
255 87
2000
  
260 87
2005
  
254 87
2010
  
233 88


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistiska centralbyrån - Folkmängd i tätorter 1960-2005». Arkivert frå originalen (PDF) 23 juni 2011. Henta 13 december 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]