Edde i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edde
landsby
Edde
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Batroun distrikt
Høgd 210 moh.
Koordinatar 34°07′25″N 35°39′46″E / 34.12361°N 35.66278°E / 34.12361; 35.66278
Areal 3,98 km²
Kart
Edde i Libanon
34°08′30″N 35°39′55″E / 34.141694444444°N 35.665347222222°E / 34.141694444444; 35.665347222222
Wikimedia Commons: Edde, Lebanon

Edde er ein landsby som ligg 45 km nord for Beirut i Libanon. Han ligg 210 meter over havet og dekkjer eit område på 3,98 km². Edde er ein liten kristen maronittisk by med kring 700 innbyggjarar.

Edde

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Edde kjem frå den semittiske rota edd, som tyder «styrke».

Klima[endre | endre wikiteksten]

Edde har eit middelhavsklima med varme og nesten regnfrie somrar, ein behageleg haust og vår, og kjølige, regnfulle vintrar. August er den varmaste månaden, medan januar og februar er dei kaldaste.

Årsmiddelnedbøren er kring 900 millimeter, og nesten alt dette kjem om vinteren, hausten og våren. Mykje av regnet om hausten og våren kjem i løpet av få dagar i kraftige regnbyer. Om vinteren er regnet meir spreidd utover fleire dagar. Det er sjeldan med snø i Edde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]