Eden Alene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eden Alene

Fødd7. mai 2000 (23 år)
FødestadJerusalem
Fødenamnhebraisk עדן אלנה
OpphavIsrael
Aktiv2017, 2022–
Sjangersoul, pop, rhythm and blues
Stemmetypesopran
PlateselskapAroma Music
Verka somsongar

Eden Alene (fødd 7. mai 2000) er ein israelsk songar. Ho skulle ha representert Israel i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, med songen «Feker Libi», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] I staden vedtok kringkastaren Kan at Alene skulle få representere Israel i tevlinga i 2021. Ho deltok med songen «Set Me Free» og enda på 17. plass i finalen.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alene vart fødd i det jødiske nabolaget Katamon i Jerusalem av jødiske etiopisk-fødde foreldre som innvandra til Israel under den jødiske masseinnvandringa frå Etiopia.[4] Foreldra skilde seg då ho var to år, og ho har ikkje hatt kontakt med faren sidan.[5]

I slutten av 2017 deltok Alene i The X Factor Israel, som ho vann 30. januar 2018.[6]

I april 2018 opptredde ho under feiringa av 70-årsjubileet for etableringa av Staten Israel.[7] I desember same år slapp ho debutsingelen «Better».[8]

I februar 2019, føre Eurovision Song Contest i Israel, slapp Alene ein coverversjon av «Save Your Kisses for Me» av gruppa Brotherhood of Man, som vann Eurovision Song Contest 1976.[9] Månaden etter gav ho ut oppfølgjarsingelen «When It Comes to You» som var produsert av den amerikanske musikkprodusenten Julian Bunetta.[10] Same år deltok ho i ei israelsk oppsetning av Little Shop of Horrors.

I slutten av 2019 var Alene ei av deltakarane i det israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa («den neste stjerna»), og ho vann tevlinga 4. februar 2020. Som vinnar fekk ho representere Israel i Eurovision Song Contest 2020 som skulle ha vore arrangert i Rotterdam i Nederland.[1] Under ei eiga sending på Kan 11 tysdag 3. mars same år, vedtok israelske tv-sjåarar og ein fagjury at Alene skulle representere Israel med låten «Feker Libi».[11] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[12] Alene skulle ha delteke i den fyrste semfinalen av Eurovision Song Contest tysdag 12. mai.

22. mars 2020 offentleggjorde det israelske offentlege kringkastingsselskap at Alene i staden skulle representere Israel i Eurovision Song Contest 2021.[13] Alene deltok med låten «Set Me Free» og kvalifiserte seg til finalen frå den fyrste semifinalen tysdag 18. mai.[14] Til slutt enda ho som nummer 17 av 26 i finalen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Israel chooses Eden Alene for Eurovision 2020». Eurovision.tv. 4. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Eden Alene - Israel - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  4. «Eden Alene». 4. februar 2020. 
  5. הכירו את עדן אלנה - mako, henta 5. februar 2020 
  6. Tzur, Ben (18. oktober 2017). «עדן אלנה הזמרת הצעירה שכבשה את X פקטור». Henta 4. februar 2020. 
  7. «החדשות - ישראל חוגגת את יום העצמאות ה-71». 8. mai 2019. Henta 5. februar 2020. 
  8. «עדן אלנה חוזרת עם סינגל הבכורה "Better", שנה אחרי הניצחון». 10. desember 2018. Henta 5. februar 2020. 
  9. «דוז פואה: עדן אלנה בביצוע מחודש לשיר אירוויזיוני». 25. februar 2019. Henta 5. februar 2020. 
  10. «איפה אקס פקטור? עדן אלנה מנסה לפרוץ עם מפיק-על בינלאומי ומפספסת». Henta 5. februar 2020. 
  11. «Israel’s Eden Alene will sing 'Feker Libi' in Rotterdam». eurovision.tv. 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020. 
  12. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  13. «Eden Alene will remain Israel’s representative in 2021 Eurovision» (på engelsk). Henta 22. mars 2020. 
  14. «First Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]