Eden i Cumbria
| Eden | |||
| elv | |||
Eden i Appleby i Westmorland | |||
| Namneopphav: keltisk vatn eller strøymande | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilløp | |||
| • venstre | Caldew | ||
| • høgre | Irthing | ||
| Lengd | 145 km | ||
| Middelvassføring | 51,82 m³/s | ||
| Kjelde | |||
| - stad | Mallerstang | ||
| Munning | |||
| - stad | Solway Firth | ||
| - koordinatar | 54°56′47″N 3°3′47″W / 54.94639°N 3.06306°W | ||
![]() Eden i Cumbria 54°23′23″N 2°17′47″W / 54.389722222222°N 2.2963888888889°W | |||
| Wikimedia Commons: River Eden, Cumbria | |||
Eden er ei elv i Cumbria i England. Ho startar sør for Kirkby Stephen, og renn ut i havet ved Solway Firth. Den totale lengda er omkring 145 km.
Elva har utspringet sitt i området mellom Lake District og Penninane. Det første stykket har dalen ho renn gjennom, kjent som Eden Valley, bratte sider. Når ho når Appleby-in-Westmorland opnar dalen seg, og Eden tek imot vatn frå ei rekkje mindre bekker som renn ut frå Penninane i aust og frå elver som renn frå sjøane i vest. Blant sideelvane hennar finn ein Lyvennet, Leith og Eamont.
Ho heldt fram nordover forbi fornminnet Long Meg and Her Daughters, og gjennom dei tynt folkesette jordbruksområda i Cumbria. Etter å ha runne gjennom Wetheral går ho gjennom Carlisle, og møter Caldew ved Hadrianmuren. Ho renn så ut i Solway Firth ikkje langt frå munningen til Esk.

Romarane kalla elva Ituna. Ho har gjeve namn til Eden Valley og til distriktet Eden.
