Hopp til innhald

Edit Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edit Bugge
Fødd1983

Edit Bugge (fødd 1983) er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Doktoravhandlinga hennar frå 2015 Språktradering i Bolsøy : en variasjonslingvistisk analyse med vekt på familietilhørighet som sosial variabel[1] handlar om dialektendringa i Romsdal. Bugge vart professor i 2019.

Ho er dotter til statsvitaren Beinta í Jákupsstovu, og søster til musikaren Heine Bugge.

Fagleg sett er det fleire raude trådar i produksjonen til Bugge, men felles for dei er at dei utforskar språk i dei samfunna dei blir brukt i. Ho har skrive om norskopplæring og læringsprosessar for innvandrarar (2025b, 2025c, 2025d, 2024, 2021a, 2021b, 2020), om talemålsendring (2022 og doktoravhandlinga) og om innføringa av det kjønnsnøytrale pronomenet «hen» i norsk (2025a, 2023b). Bugge er tospråkleg norsk-færøysk, og ho har skrive om færøyske målføre (2018a, 2018b) og om færøysk påverknad i Noreg (2016a).

Publikasjonar (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 2025a. Bugge, Edit, Trude Bukve & Hege Myklebust. Labeling Gender Across and Beyond the Binary. Introduction of the Gender-Neutral Pronoun hen in Norwegian standard language. Journal of Language and Sexuality. https://doi.org/10.1075/jls.24033.bug
  • 2025b. Nordanger, Marte & Edit Bugge. Language Learning in Liminal Spaces: Low Literate Migrants’ Narratives of Formal Requirements for Legal Integration. British Journal of Sociology of Education, March, 1–20.
  • 2025c. Bugge, Edit, Sara Wallace Goodman & Marte Nordanger: How introduction programs help and hinder refugee integration: evidence from Norway, Journal of Ethnic and Migration Studies
  • 2025d. Bugge, Edit & Cecilie Hamnes Carlsen 2025. Språk- og samfunnskunnskapskrav for permanent oppholdstillatelse og statsborgerskap. Hvordan påvirkes innvandrere med lite skolegang av kravene? Hovedfunn og policy-anbefalinger fra IMPECT-prosjektet, HVL-rapport 2025(5)
  • 2024. Nordanger, Marte, Cecilie Hamnes Carlsen & Edit Bugge. Research on Simultaneous Second Language and Literacy Acquisition in Adults: A Scoping Review of the LESLLA Symposium Proceedings. LESLLA Symposium Proceedings, 19(1).
  • 2023a. Telle, Johanne Barth & Edit Bugge: Ulike kapitalformer hos deltakere i norskopplæring og arbeidsliv. In Bugge & Carlsen (eds). Norsk som andrespråk - Voksne innvandrere som utvikler skriftkyndighet på et andrespråk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
  • 2023b. Bugge, Edit, Trude Bukve & Hege Myklebust. Pronomenet hen – praktisk og politisk. Ei undersøking av meiningar blant høgskuletilsette om rettskrivingsendringa i 2022. Målbryting(14), 1–26
  • 2022. Bugge, Edit og Randi Neteland. Simplification in 43 varieties of urban Norwegian. Journal of Historical Sociolinguistics, 8 (1): 89–112. https://doi.org/10.1515/jhsl-2020-0030.
  • 2021a. Carlsen, Cecilie Hamnes og Edit Bugge. Språkprøver for statsborgerskap og hvordan de begrunnes. I Monsen og Pajaro (red): Andrespråkslæring hos voksne. Vitenskapelige innsikter og didaktiske perspektiver. Cappelen Damm Akademisk, s. 191–215.
  • 2021b. Bugge, Edit. Talemål, identitet og tilhørighet: Sosiolingvistiske perspektiv på språkanalyse ved søknad om beskyttelse og språkkrav for opphold og statsborgerskap. Målbryting. 12(2021): 25–42. https://doi.org/10.7557/17.5926
  • 2020. Cecilie H. Carlsen og Edit Bugge. Ordlæring når norsk er andrespråket. I Ulland og Jensen (red.) Ord og begreper i klasserommet. Bergen: Fagbokforlaget, s. 59–80.
  • 2018a. Bugge, Edit. Attitudes to variation in spoken Faroese. Journal of Sociolinguistics, 22(3): 312?330. https://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/josl.12283
  • 2018b. Bugge, Edit og Jógvan í Lon Jacobsen. Hugburður til variatión í føroyskum talumáli. Islenskt mál og allmenn málfræði 40, s. 97–117. https://timarit.is/page/7232392#page/n3/mode/2up
  • 2016a. Bugge, Edit. So dansa me daa i Ring! ‘Ormen Lange’ i Norge. Maal og Minne, 1: 35-54.
  • 2016b. Bugge, Edit. Norske barns språksosialisering og språklige praksisfellesskap. Norsk lingvistisk tidsskrift. 34, s. 63−82.
  1. «Språktradering i Bolsøy : en variasjonslingvistisk analyse med vekt på familietilhørighet som sosial variabel», www.nb.no, henta 2026-03-22