Edith McGuire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edith McGuire i Tokyo i 1964

Edith Marie McGuire (fødd 3. juni 1944) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Atlanta i delstaten Georgia. Ho vart olympisk meister på 200 meter under Sommar-OL 1964.

McGuire utmerkte seg på sprintdistansane og i lengdehopp frå 1961. Åra 1963-66 vann ho seks nasjonale meistertitlar (AAU), fire av dei på 200 yards. Under sommarleikane 1964 i Tokyo sette ho personleg rekord med 11,47 sekundar i forsøksløpet på 100 meter. I finalen på distansen sprang ho i mål på tida 11,62 og sikra dermed dobbeltsiger til USA, vinnaren Wyomia Tyus vart klokka inn på 11,49, medan polske Ewa Kłobukowska på 11,64 måtte nøye seg med bronsemedalje. På 200 meter var McGuire uslåeleg heile OL-sesongen. I OL-finalen på 200 m gjorde ho sitt livs beste løp og sette olympisk rekord med tida 23,05 sekundar, hardt pressa av Irena Kirszenstein frå Polen som fekk notert 23,13 og Marilyn Black frå Australia på 23,18. McGuire var ankerkvinne for USA i 4 x 100 m stafett, der ho ikkje klarte å hente inn Polen sitt forsprang etter tre etappar og måtte sjå at nemnde Kłobukowska sprang inn til polsk triumf, ho sjølv og USA fekk sølv.

McGuire slutta friidrettssatsinga etter 1966-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]