Édith Piaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edith Piaf)
Hopp til navigering Hopp til søk
Édith Piaf
Édith Piaf 914-6440.jpg
Fødd19. desember 1915
FødestadParis
Død10. oktober 1963
DødsstadGrasse
FødenamnÉdith Giovanna Gassion
OpphavFrankrike
Aktiv1997–1963
Sjangerchanson
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapCapitol Records, Pathé, EMI
Verka somsongar, Gateartist, låtskrivar, skodespelar
MorLine Marsa
FarLouis Gassion
Gift medJacques Pills, Théo Sarapo
Sambuar medYves Montand, Marcel Serdan, Louis Gérardin
PrisarGrammy Hall of Fame Award

Édith Piaf (19. desember 191510. oktober 1963) fødd Édith Giovanna Gassion i Paris i Frankrike, er ein av dei mest kjente franske songarinnene nokonsinne, og hadde stor suksess i tida rundt andre verdskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Piaf vart forlaten av mor si og oppdregen av farmor si som dreiv eit bordell i Normandie. Frå ho var tre til ho var sju var ho blind. Det vert sagt at ho vart kurert då ho vart teken med av dei prostituerte som arbeidde for bestemora på ei pilegrimsreise til den heilage Teresa av Lisieux. Seinare budde ho ei tid hos den alkoholiserte far sin, som ho så forlét då ho var 15 og reiste til Paris og byrja som gatesongar der.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Grav til Édith Piaf i Père Lachaise
Byste av Édith Piaf

I 1935 vart Édith oppdaga av nattklubbeigaren Louis Leplée. Klubben var populær blant høg og låg. Han fekk ho til å syngje der, og gav ho tilnamnet La Môme Piaf ('sporvungen'), som skulle fylgje ho igjennom heile livet. Hennar fyrste plate vart produsert same år. Kort tid etter vart Leplée myrda. Piaf vart skulda for å ha vore medverkande, men blei frikjend.

I 1940 skreiv Jean Cocteau det populære stykket Le Bel Indifférent og gjorde ho til stjerne i det. Dette bidrog sterkt til Piaf sitt gjennombrot; ho kom i kontakt med og vart venn med berømte folk som skodespelaren Maurice Chevalier og diktaren Jacques Borgeat.

Musikken hennar reflekterte det tragiske livet hennar, og spesialiteten var balladane hennar som vart framført med ei sorgtung stemme. Dei mest kjende songane hennar er «La Vie en Rose», «Milord» og «Non, je ne regrette rien».

Édith døydde 10. oktober 1963 i Plascassier, ein forstad til Grasse, nord for Cannes. Ho er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.

Spire Denne musikkartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.