Edmílson Gomes Moraes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edmílson Gomes Moraes
Edmílson - 001.jpg
Fødd 10. juli 1976
Taquaritinga

José Edmílson Gomes de Moraes (fødd 10. juli 1976) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Taquaritinga i delstaten São Paulo og som i 2002 vart verdsmeister med Brasil. Han var forsvarsspelar og hadde elles suksess i fotballklubbane São Paulo FC, Olympique Lyon og FC Barcelona.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Edmílson fekk kontrakt med São Paulo FC i 1995 der han var med å vinne to delstatsmeisterskap. Sommaren 2000 vart han overført til Olympique Lyon og bidrog til at klubben vart fransk seriemeister tre år på rad, 2002-04. I 2004 gjekk turen vidare til FC Barcelona der han fekk lite speletid den fyrste sesongen. Derimot gjorde han sitt til at det spanske laget i 2006 både vann den heimlege serien og så sigra i meisterligafinalen med 2-1 mot Arsenal FC. Han forsvann ut av fyrsteellevaren i 2007 og drog året etter vidare til heller kortvarige oppdrag i spanske Villareal CF, brasilianske Palmeiras, spanske Real Zaragoza og brasilianske Ceará SC. Han la opp i 2011.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Edmílson fekk sin debut på Brasils landslag 18. juli 2000. Tett på to år seinare tok han plass i midtforsvaret til Brasil i VM-finalen i Yokohama, ein kamp Brasil vann med 2-0 over Tyskland. Under førebuingane til Fotball-VM 2006 vart han kneskadd og uaktuell for meisterskapen. Han skåra eitt mål i sine 42 landskampar. Det siste landslagsoppdraget hans fann stad i 2007.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 2002 for Brasil
  • Vinnar av meisterligaen: 2006 med FC Barcelona
  • Delstatsmeister i São Paulo: 1998 og 2000 med FC São Paulo
  • Fransk seriemeister: 2002, 2003, 2004 med Olympique Lyon
  • Spansk seriemeister: 2006 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]