Edmund Austigard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edmund Austigard
Edmund Austigard.jpg
Edmund Austigard under
litteraturfestivalen på Café Sting i 2007.
Foto: Jarle Vines
Nasjonalitet Norsk
Fødd 18. september 1964
Yrke Forfattar
Rørsle Postmodernisme, moderne bygdedikting

Edmund Austigard (fødd 18. september 1964) er ein norsk forfattar og administrerande direktør i Det Norske Samlaget. Austigard debuterte litterært i 2005.

Han voks opp i Årdal i Hjelmeland kommune og er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt. I tillegg har han to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. I 2004 gjekk han på Aschehougs forfatterskole. Året etter kom romanen Krinsereglane. Etter gode kritikkar følgde han opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2007.

Bøkene hans er sagt å representere ei fornying i sjangeren bygdedikting, med parodiar og humor kring kjende tema. Det same ser ein også hjå andre forfattarar som til dømes Olaug Nilssen og Øystein Vidnes.

Edmund Austigard fekk Sigmund Skard-stipendet i 2008.[1]

Krinsereglane[endre | endre wikiteksten]

I debutromanen sin, Krinsereglane, skildrar Edmund Austigard heimbygda si Årdal i Ryfylke1920-talet. Hovudpersonen tenkjer tilbake på den gongen heimbygda fekk to kaffisortar i omløp, og det vart ulik kaffipris på dei to butikkane på staden. Han kjem også innom ein grensetvist mellom to eigedommar på Golandhaugen.

Austigard skildrar eit lukka bygdesamfunn med strenge reglar for korleis ein skal oppføre seg – til dømes folkekrinsane på kaien når rutebåten kjem og korleis ein skal ete aure. «Forfattaren meistrar til fulle kunsten å overdriva, å fortelja ei dryg skrøne – noko som harmonerer godt med miljøet og den munnlege forteljarstilen han har valt,» skriv Eirik Lodén i Stavanger Aftenblad.[2] Inger Marie Kjølstadmyr i Nationen utropte han til «årets debutant».[3]

Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu[endre | endre wikiteksten]

Temaet reglar og samfunnsnormer går igjen i den neste romanen til Austigard. I Taxi for B.A. Beckström er hovudpersonen ein 92 år gammal mann som arbeidde i Statistisk sentralbyrå. Han er svært oppteken av å følgje statistikkane, og er uroa over at han bryt med statistikken berre ved å leve. Undervegs møter han mellom andre ein utanlandsk taxisjåfør, Ali, som han er svært skeptisk til.

I motsetnad til debutromanen, som handla om ei heil bygd, fokuserer Taxi for B.A. Beckström meir på hovudpersonen Beckström. Også denne romanen fekk gjennomgåande gode kritikkar, til dømes skreiv Anne Cathrine Straume i NRK at: «Det er ei forteljing som sprengjer seg ut av dusinet, ut av realismen, og som hevar seg ved hjelp av ein god porsjon sjarm.»[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Krinsereglane. (Samlaget, 2005)
  • Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu (Samlaget, 2007)
  • Jakta på Bjednekniven (Wigestrand Forlag, 2009). Skriven saman med faren, Jarl Austigard
  • Solskinsbussen (Samlaget, 2011)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Karoline Riise Kristiansen (14. august 2008). «Sigmund Skard-Stipendet 2008 til Edmund Austigard». abc nyheter. Vitja 20. august 2013.
  2. «Debuterande og fabulerande årdalsbu» av Eirik Lodén på »Aftenbladet.no (20.09.2005).
  3. «Austigard fra Ryfylke er årets debutant» av Inger Marie Kjølstadmyr på Nationen.no (17.10.2005).
  4. «Taxi for B.A. Beckström» av Anne Cathrine Straume på nrk.no (01.11.2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]