Edmund Gunter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edmund Gunter
Fødd1581
Hertfordshire
Død10. desember 1626
London
NasjonalitetStorbritannia
Yrkematematikar, universitetslærar, astronom
InstitusjonarGresham College
Den engelske kyrkja
Alma materChrist Church College
Westminster School

Edmund Gunter (158110. desember 1626) var ein engelsk matematikar og astronom.

Han studerte i Oxford og var frå 1619 professor i astronomi ved Gresham College. Han studerte magnetfeltet til jorda og fann opp forskjellige astronomiske apparat. Den såkalla Gunter-linja eller skala er ein forløpar for reknestaven og logaritmane, og gjennom venskapen sin med Henry Briggs har Gunter truleg hatt innverknad på arbeida til Briggs over logaritmane. Gunter innførte òg først omgrepa cosinus og cotangens.

Britiske landmålarar nyttar framleis Gunter-kjeda, som er 22 yard delt i 100 delar = 20,12 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]