Edmund Harris Utne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edmund Harris Utne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1942 (81 år)

Edmund Harris Utne (fødd 1. oktober 1942) er ein norsk næringslivsleiar frå Lofthus i Hardanger. Han er fjerdegenerasjons eigar av Hotel Ullensvang, som ligg på Lofthus, og som han overtok drifta av saman med kona Ina Torill i 1969.

St. Olavs Orden[endre | endre wikiteksten]

Kongen utnemnde Utne til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for sin mangeårige innsats for norsk reiseliv» i 2006.

Overrekkinga fann stad den 20. april 2006 overrakt av fylkesmann Svein Alsaker. Han sa mellom anna i talen sin at Utne hadde "marknadsført Noreg, Vestlandet, Hardanger og sitt hotell til nasjonale og internasjonale gjester på stadig nye kontinent. Gjennom dei mange reisene sine til ulike land har han opp gjennom åra bygt opp eit stort nettverk. Det er full dekning for å seia at Edmund Utne i reiselivssamanheng har vore ein pionér og ein av dei mest engasjerte leiarane i landet."

Utne har òg motteke æresprisen til Norwegian Travel Workshop. Prisen vart overlevert av Dronning Sonja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]