Edna Kiplagat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edna Kiplagat

Edna Kiplagat Moscow 2013.jpg

Statsborgarskap Kenya
Fødd 15. november 1979
Burnt Forest
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Edna Ngeringwony Kiplagat (fødd 15. september 1979) er ein kenyansk langdistanseløpar som vart verdsmeister i maratonløping i 2011 og 2013.

Kiplagat sprang i 2010 inn til siger i både Los Angeles maraton og New York maraton. I 2011 vann ho gullmedaljen i maratonløping ved verdsmeisterskapen i Daegu, 17 sekundar føre landskvinna Priscah Jeptoo. Den 17. april 2002 kom Kiplagat på andreplass i London maraton med ny personbeste på 2.19.50, landskvinna Mary Keitany vann løpet på tida 2.19.19. Fire månader seinare hadde Kiplagat derimot ein dårleg dag i OL-løypa i same byen.

Under Friidretts-VM 2013 i Moskva forsvarte Kiplagat VM-titelen i maraton, sterkt pressa av Valeria Straneo frå Italia. I 2014 vann Kiplagat London maraton og i 2017 Boston Maraton. Seinare i 2017 kneip ho sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i London, på same tid som Amy Cragg frå USA. Dei var begge sju sekundar bak kenyansk-bahrainske Rose Chelimo i mål.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]