Eduard Hämäläinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eduard Hämäläinen
Statsborgarskap Finland
Fødd 21. januar 1969 (55 år)
Karaganda
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Eduard Hämäläinen (fødd 21. januar 1969) er ein tidlegare mangekjempar fødd i Karaganda i den dåverande sovjetrepublikken Kasakhstan. Han tevla etter tur som representant for Sovjetunionen, Kviterussland og Finland. Hämäläinen vann sølvmedaljen i tikamp i tre verdsmeisterskap i rad og dessutan eitt EM-sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hämäläinen representerte Sovjetunionen då han vart sjuandemann i tikampen ved VM 1991. Året etter kom han på andreplass i det såkalla meistermøtet i Götzis, deretter vann han Götzis-tevlinga både i 1993, 1994 og 1997. Her var det han i 1994 gjorde sin beste tikamp og sanka 8 735 poeng. I 1993 vart Hämäläinen nummer to i verdsmeisterskapen i Stuttgart, ein prestasjon han gjentok i VM 1995 i Göteborg, begge gongane som representant for Kviterussland og slått klart av Dan O’Brien frå USA.

Hämäläinen hadde busett seg i Finland, fødelandet til oldefaren i farslinja, og representerte landet frå 1997. I sin fyrste sesong som finsk utøvar vann han sitt tredje rake VM-sølv, ved det høvet fann han sin overmann i tsjekkiske Tomáš Dvořák. Sommaren 1998 sikra Hämäläinen seg enno ein sølvmedalje, i europameisterskapen i Budapest hamna han bak Erki Nool frå grannelandet Estland.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]