Eduarda Amorim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eduarda Amorim


Statsborgarskap Brasil
Fødd 23. september 1986 (37 år)
Blumenau
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Handball-VM 2013 for kvinner, Panamerikanske leker 2011, Panamerikanske leker 2007, Handball-VM 2011 for kvinner, Handball-VM 2009 for kvinner, Handball under Sommar-OL 2008 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Amorim i Győr-rdakt

Eduarda Idalina Amorim Taleska (fødd 23. september 1986) er ein brasiliansk handballspelar frå Blumenau i Santa Catarina-delstaten, som vart verdsmeister med Brasil i 2013. Sidan 2009 har ho vore venstre rykkromspelar i den ungarske klubben Győr. Amorim vart kåra til verdas beste kvinnelege handballspelar 2014 av Det internasjonale handballforbundet (IHF).

Amorim spelte på lag i heimlandet til 2006. I februar 2006 byrja ho spele på Kometal Skopje i Makedonia. Då Kometal var i ferd med å gå konkurs vinteren 2009, vart Amorim og fleire andre spelarar løyst frå kontraktane. Sidan den gongen har ho vore aktiv i Győr og vunne tre meisterligapokalar med det ungarske laget, høvesvis 2013, 2014 og 2017.

I åra frå 2007 til 2017 har Amorim delteke i fem verdsmeisterskap og alle tre sommarleikane i perioden. Ho var sentral då Brasil vann verdmeisterskapen 2013 etter finalesiger 23-22 mot vertslandet Serbia. I den meisterskapen vart ho også kåra til den beste spelaren i meisterskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]