Edvald Boasson Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edvald Boasson Hagen
Gent - Omloop Het Nieuwsblad, 28 februari 2015 (F07).JPG
Syklist
Namn Edvald Boasson Hagen
Kallenamn Eddie the Boss[1]
Fødd 17. mai 1987 (30 år)
Fødestad Noreg Rudsbygd (Lillehammer)
Høgd 181 cm
Vekt 73 kg
Laginformasjon
Lag MTN-Qhubeka
Disiplin Landevegssykling
Rolle Ryttar
Ryttartype Temporytter
Sprintar
Allroundar
Profesjonelle lag
2008–2009
2010–2014
2015–
Team Columbia
Team Sky
MTN-Qhubeka
Meritter
Verdsmeisterskapen i landevegssykling:
Zilveren medaille.svg Sølv, landevegsritt, 2012
Bronzen medaille.svg Bronse, lagtempo, 2013
Giro d'Italia: 1 etappesiger, 2009
Tour de France: 2 etappesigrar, 2011
Noregsmeister i temporitt: 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2013
Noregsmeister i landevegsritt: 2012
Eneco Tour: 2009 og 2011
Tour of Britain: 2009
Gent–Wevelgem: 2009
Vattenfall Cyclassics: 2011
GP Ouest-France: 2012
Tour of Norway: 2012 og 2013

Edvald Boasson Hagen (fødd 17. mai 1987) er ein norsk syklist frå Rudsbygd i Lillehammer som syklar for det sørafrikanske prokontinentallaget MTN-Qhubeka. Han sykla tidlegare for det britiske laget Team Sky i fem sesongar frå 2010 til 2014, og det amerikanske laget HTC-Highroad i to sesongar frå 2008 til 2009. Han har utmerka seg med ei rekkje topp-plasseringar, mellom anna med ei sølvmedalje frå verdsmeisterskapen i landevegssykling i 2012. Boasson Hagen blir rekna som ein «allrounder», men er særleg sterk som temporyttar og sprintar. Han er óg ein god brosteinsryttar, og er i tillegg kjend for sine kvalitetar som bruddryttar.

På ein pressekonferanse 27. august 2014 vart det kunngjort at Edvald Boasson Hagen hadde inngått ein toårskontrakt med MTN-Qhubeka. Boasson Hagen kjem dermed til å sykle for det sørafrikanske laget i 2015 og 2016, der han er tiltenkt ei kapteinsrolle i laget.[2][3][4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Amatørkarriera[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vann Boasson Hagen den siste etappa i Fredsrittet. Han sykla ford et norske sykkellaget Team Maxbo Bianchi i 2006 og 2007. I 2006 vann han åtte sykkelritt, deriblant tre etappar i Tour de l'Avenir (også kalla «ungdommens Tour de France») i Frankrike. Under verdsmeisterskapen i landevegssykling i Salzburg same år, deltok han som den yngste ryttaren i U23-temporittet, der han sykla inn til ein sterk femteplass. I landevegsrittet i samme meisterskap blei han nummer ni.

I 2007 vann han heile 15 ritt, både etappe- og samanlagtsigrar. I tillegg blei han mellom anna norsk meister i temposykling. Same år skreiv han kontrakt med (dåverande) T-Mobile (seinare Team Columbia / HTC Highroad).

Proffdebut[endre | endre wikiteksten]

Edvald Boasson Hagen i Team Columbia si lagdrakt under Gent-Wevelgem i 2009.

Sesongen 2008 vart innleia med femteplass på prologen i Tour of California. I mars følgde han opp med si fyrste proffsiger på tempoetappen (8,3 km) i Critérium International. Den første ProTour-sigeren hans kom 26. august 2008 på den 6. etappen av Eneco Tour. Nokre veker seinare vann han også tre etappar i Tour of Britain.

2009-sesongen[endre | endre wikiteksten]

Framgangen fortsette i 2009. 8. april vann han semi-klassikaren Gent-Wevelgem. Han debuterte i Grand Tour-samanheng i mai 2009 i Giro d'Italia, der laget hans vann den innleiande lagtempoetappen. Den 15. mai vann han den 7. etappen, i tillegg til at han blei nummer to på den sjette og åttande etappen, og nummer tre på den siste tempoetappen. I august kjempa han lenge i toppen under Polen rundt. Han tok to etappesigrar, og enda til slutt på tredjeplass samanlagd. Ti dagar seinare var det Eneco Tour. Her vann han to etappar, var på pallen på ytterlegare fire av dei åtte etappane, og tok samanlagdsigeren med klar margin. Under Tour of Britain vann han fire etappar på rad og tok samanlagdsigeren.

Edvald Boasson Hagen havna på sjetteplass på UCI-rankinga for 2009.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]