Edvard Beneš

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Beneš

Edvard Beneš (28. mai 18843. september 1948) var ein tsjekkisk politikar og statsmann som var president i Tsjekkoslovakia frå 1935 til 1938 og på ny frå 1945 til 1948. Krigåsra 1939-45 leia han den tsjekkoslovakisk eksilregjeringa.

Beneš var den fyrste utanriksministeren i Tsjekkoslovakia, frå då staten vart oppretta etter den fyrste verdskrigen var over hausten 1918. Han hadde denne stillinga til 1935, dessutan var han statsminister i 1921-22. I desember 1935 vart han vald til president. Etter Münchenavtalen og den etterfylgjande tyske okkupasjonen av Sudetenland, vart Beneš pressa til å gå av den 5. oktober 1938. I oktober 1939 danna Beneš og andre tsjekkoslovakar ei eksilregjering i London.

Den 2. april 1945 tok Beneš tilbake presidentmyndet i Tsjekkoslovakia. Han stod dei neste par åra i spissen for ein nasjonal samlingsregjering, der kommunistpartiet hadde størst oppslutnad. Frå sommaren 1947 kom han og Tsjekkoslovakia under sterkt press frå Sovjetunionen. Langvarig uro i landet og politisk intrigemakeri kulminerte med at kommunistpartiet i februar 1948 gjorde statskupp og tok over alle regjeringsomboda. Beneš var politisk isolert og gjekk av den 5. juni 1948. Tre månader seinare døydde han i heimen sin Sezimovo Ústí.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]