Edvard Eilert Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard Eilert Christie
Fødd 10. august 1773
Død

14. august 1831

Edvard Eilert Christie (10. august 177314. august 1831) var ein norsk kjøpmann, tollar og stortingsmann frå Kristiansund.

Christie var son av ein kjøpmann i Kristiansund. Sjølv vart han student i 1793 og tok andreeksamen året etter. 1796-1801 var han kjøpmann og tolltenestemann i heimbyen. [1] Frå 1802 var han faktor ved finnmarkshandelen i Vadsø, og deretter kjøpmann på Ingøya. I 1812 slo han seg på ny ned i Kristiansund som kjøpmann.

I 1824 var Christie stortingsrepresentant for Kristiansund og Molde. Han var då medlem av tollkomiteen, komiteen om Finnmarks utvikling, om kjøpstadskatten, og sekretær i komiteen om handelen på Nordland.

Frå 1826 var Christie overtollbetjent i Bergen. Han døydde der fem år seinare.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Christie var son til postopnar og handelsmannen Johann Koren Christie (1745–1823). Han var nevø til Werner Hosewinckel Christie og bror til Wilhelm Frimann Koren Christie. Han var far til forfattaren Johan Koren Christie òg onkel til fysikaren Hartvig Caspar Christie, politikaren Hans Langsted Christie og arkitekten Christian Christie, samt grandonkel til agronomen Werner Hosewinckel Christie.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Edvard Eilert Christie». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD). Henta 28. november 2009. 
  2. Henriksen, Petter, red (2007). «Christie». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. http://www.snl.no/Christie.