Edvard Hambro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Hambro
Fødd22. august 1911
Christiania
Død1. februar 1977 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkediplomat, politikar, dommar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MorGudrun Grieg
FarCarl Joachim Hambro
EktefelleElisabeth Raverat
BarnChristian Hambro
MedlemFolkerettsinstituttet
Alle verv

Edvard Isak Hambro (22. august 19111. februar 1977) var ein norsk jurist og politikar, fødd og død i Oslo. Han representerte Bergen og partiet HøgreStortinget i tida 1961-69. Carl Joachim Hambro var far hans.

Edvard Hambro vart cand.jur. i 1934 og to år seinare «Dr. és sciences politiques» i Genéve. 1938-40 var han leiar av avdelinga for internasjonale spørsmål ved Christian Michelsens Institutt i Bergen. Krigsåra 1940-43 var han gjesteførelesar i historie og internasjonale spørsmål ved Northwestern University i Chicago. 1945-46 leidde han den juridiske avdelinga ved FN-sekretariatet i New York. I tida 1946 til -53 arbeidde han som justissekretær ved Den mellomfolkelege domstolen i Haag. Perioden 1959-66 hadde han stilling som professor i rettsvitskap ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Hausten 1961 vart Hambro vald til stortingsrepresentant frå Bergen og for Høgre, attvald i 1965. Tingbolken 1961-65 var han sekretær i Justiskomiteen, deretter sekretær i Utanriks- og konstitusjonskomiteen til 23. mai 1966. Han gjekk då ut av Stortinget, ettersom han tok over som Noregs FN-ambassadør, eit ombod han hadde til 1971. Hambro var i 1970 president for FNs 25. generalforsamling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]