Edvard Jacobsen Bjorlivold
Edvard Jacobsen Bjorlivold | |
Fødd | 1868 |
Død |
19. januar 1951 (82 år) |
Yrke | kunstnar |
Edvard Jacobsen Bjorlivold (1868–19. januar 1951) var ein norsk treskjerar frå Lesja i Gudbrandsdalen. Han er òg kjend under namnet Edvard Jacobsen.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Edvard Bjorlivold var fødd på Holun på Lesjaskog i 1868 i ein søskenflokk på sju av foreldre Jakob frå Liaholen og Marit Rolvsdotter frå Sletta-Brekka.[1] Faren var forkynnande haugianar. Han vart gift med Enetta Eriksddotter Lykkeslet (1876-1946). Dei fekk ingen born. I 1896 kjøpte han garden Bjorlivoll.
Læring og utvikling
[endre | endre wikiteksten]Han tok vinteren 1886/87 eit 6-månaders kurs i treskjering på Sør-Skotte på Lesja. Kurset vart gitt av Hans L. Lindsø som i 1903 vart lærar på Hjerleid Husfidsskule.
Arbeid
[endre | endre wikiteksten]Edvard Bjorlivold arbeidde ulike prydgjenstandar som skrin og ambar. Han laga òg større utskorne skåp. Mellom anna vann han ei sølvmedalje på Verdsutstillinga i Paris for ein kråskåp i 1900. Ein viktig del av arbeidet var å finne gode treemne. Det meste av det han laga vart omsett direkte i bygda, men han selde òg gjennom Husfliden.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1887, Oscar 2. sølvmedalje, Trondheim
- 1889, to bronsemedaljar, Verdsutstillinga i Paris
- 1897, diplom frå Kunst- og industriutstillinga i Stockholm
- 1900, sølvmedalje og diplom, Verdsutstillinga i Paris
- 1910, sølvmedalje, Landbruk-, skog- og indudtriutstillinga på Gjøvik
- 1914, sølvmedalje, Jubileumsutstillinga på Frogner
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Årbok for Lesja 2011, Lesja historielag
- Årbok frå Gudbrandsdalen 1986
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lesja bygdebok, band 1 s. 232