Edvard Joakimsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard Joakimsen
Fødd 12. februar 1867
Død

5. januar 1941

Yrke politikar

Edvard Nikolai Joakimsen (12. februar 18675. januar 1941) var ein norsk fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Borge i Lofoten. Han var medlem av Venstre.

Joakimsen var son til ein gardbrukar og fiskar. Han dreiv fiske frå han var ei 13 år. 1884-85 gjekk han amtsskulen og tok så middelskuleeksamen på Hamar i 1887 som privatist. Tida 1892-1912 var han heradskasserar. I 1907 tok han over farsgarden og dreiv denne. Han var medlem av heradsstyret i Borge frå 1899 og var nestformann i skulestyret til 1911.

Joakimsen representerte Lofoten krins på Stortinget 1910-21. I den første perioden, 1910-12, var han sekretær i næringskomiteen, deretter i 1913 formann i same. 1914-sesjonen var han permittert. Sidan 1915 var han i vegkomiteen, nestformann 1917-18 og formann 1919-21.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914