Edvard Natvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Natvig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1907
Død

6. november 1994 (87 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936

Edvard Ørbeck Natvig (16. august 19076. november 1994) var ein norsk friidrettsutøvar frå Voss som konkurrerte i mangekamp og høgdehopp.

Natvig var son til ein snikkar. Sjølv utdanna han seg til politimann og dreiv samstundes med friidrett. I 1929 tok han bronsemedaljen i høgdehopp under noregsmeisterskapen i Oslo, året etter vann han gullet i same øvinga ved noregsmeisterskapen i Bergen, i begge meisterskapane svinga han seg over 1,80 meter. I seinare noregsmeisterskap gjorde han det best i spjutkasting, vann NM-sølv både i 1933, 1935 og 1938, samt bronse i 1937.

Natvig var fyrst og fremst ein allsidig friidrettsutøvar og vart norsk meister i tikamp i 1934. I 1936 fekk han høve til å representere Noreg i tikampen under sommar-OL i Berlin, der han vart tiandemann i tevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958