Edvard Skontorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Edvard Skontorp (f. 1885) var ein norsk kvalfangar. Han vart skyttar 22 år gammal i 1907 og gjorde teneste som skyttar i alle sesongane fram til 1948-1949. Han var tilsett i fleire av dei store kvalfangstselskapa og var òg fangstbestyrar i fleire sesongar[1], mellom anna for Salvesen and Co. i Leith i Skottland. Han var kjend som ein dugande skyttar og for dette vart Skontorp Cove eller Skontorpvika på Bryde Island utanfor Graham Land i Antarktis kalla opp etter han.[2] Vika vart nytta som ankringsplass for kvalkokeria til Salvesen i 1910-åra.

Skontorp arbeidde 1919-1922 for Tønsberg Hvalfangeri frå HusvikSør-Georgia.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]