Edvard Tallaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Tallaksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1918
Død

29. november 1944 (26 år)
fengsel

Yrke militær, motstandskjempar
Medlem av Kompani Linge

Johan Edvard Tallaksen (17. august 191829. november 1944) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Tallaksen vart fødd i Kristiansand som den yngste i ein syskenflokk på tre. Foreldra var grosserar Rasmus Tallaksen og Ludmila Eleonora. Mora døydde då Edvard berre var to og eit halv år gamal. Etter endt utdanning ved Kristiansand Katedralskole drog han til Tyskland, der han lærte seg flytande tysk. Etter å ha avtent verneplikta i 1936 vart han korporal i Kongens Garde. Han var òg handelsbetjent i forretninga til faren i Kristiansand.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då krigen kom til Noreg i april 1940, tok Tallaksen del i kampane på Sørlandet som korporal. Etter to veker var Noreg okkupert av tyskarane, men Tallaksen nekta å gje seg. Saman med fem andre gutar tok han seg den 16. august 1941 over Nordsjøen til England. Dei kom fram til England den 19. august. Fire av gutane vart sendt til Little Norway i Canada, medan Tallaksen og kameraten Birger Fjeldstad vart sendt til London. Tallaksen kom inn i Kompani Linge hausten same året. Han vendte attende til Noreg den 12. november 1943 for å ta del i «Operasjon Company», saman med Birger Rasmussen og Armand Trønnes. Hovudmålet til aksjonen var Arendal Smelteverk. Aksjonen vart gjennomført 21. november og enda med at fem generatorar vart sprengt. Etter å ha lege lågt i to veker for tyskarane, tok dei seg til fots til Oslo, der Tallaksen no tok del i «Operasjon Goldfinch» som gjekk ut på å trene personell i Milorg og ta imot våpen.

Frå 1944 var Tallaksen tilknytt Oslogjengen som var under leiing av Gunnar Sønsteby. Han deltok på ei rekkje sabotasjeaksjonar, mellom anna aksjonen i Kirkeveien 90, aksjonen mot Thamshavnbanen (saman med Gunnar Sønsteby og Birger Rasmussen) og aksjonen mot oljelageret på Sørenga. I den sistnemnte vart 200 000 liter smøreolje øydelagt.

Utpå hausten 1944 kom Tallaksen i kontakt med ein Milorg-kontakt som hadde kome i kontakt med tyske dessertørar. Tallaksen gjekk med på å møte dei tyske dessertørane 13. november på Plasskafeen. På dette møtet hadde han med seg Gregers Gram, som tenkte han kunne nytte møtet med dessertørane i propagandaarbeidet («Operasjon Derby»). Dessverre viste det seg at «dessertørane» var provokatørar og at heile møtet var ei felle iscenesett ifrå Victoria Terrasse. Tallaksen og Gram hamna i skotveksling med tyske agentar - ei skotveksling som kosta Gram livet. Tallaksen vart hardt skadd, men overlevde. Han vart køyrd til krigslasarettet på Aker sykehus. Etter to veker vart han frakta til Akershus festning. 29. november tok Tallaksen sitt eige liv i cella si for ikkje å røpe kameratane og kollegaane sine i Oslo. Han vart kremert, oska hans vart merka og gravlagt på Kristiansand kirkegård etter krigen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Tallaksen vart høgt dekorert for innsatsen sin under krigen. I 1947 blei han post mortem dekorert med den høgast rangerte utmerkinga i Noreg: Krigskrossen med sverd. For «Operasjon Company» vart han påskjønna med Militærkrossen.


Land Orden, medalje Merknad
 Noreg Krigskrossen med sverd
 Noreg St. Olavsmedaljen med eikegrein
 Noreg Krigsmedaljen
 Noreg Deltakarmedaljen
 Storbritannia Militærkrossen «Military Cross» med spenne «& Bar»

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]